Sunday, November 08, 2009

Skøytelaurdag

Dette har vore ein særs fin laurdag, og eg har trua på at resten av helga blir like fin! I gamle dagar såg eg alltid på skøyteløp* på tv, og ja, eg var nok stundom såpass nerdete at eg skeiv rundetider (og sjølvsagt sluttider). Eg innrømmer at eg ikkje kjenner så godt til dei som går på skøyter no tildags. Borte er Johan Olav Koss, Ådne Søndrål, Bart Veldkamp, Jan Bos, Rintje Ritsma, Gianni Romme og Falco Sandstra. Ja, eg likte dei nederlandske på 90-talet. Det var imidlertid ein amerikanar som skulle få meg til å grine. 1000 meter. OL 1994. Dan Jansen (bildet) tok endeleg gull. Endeleg klarte han det. Kanskje den mest fortente gullmedalja nokonsinne!

Attende til notid. I dag var det verdscup frå Berlin, og eg var så heldig at eg "tilfeldigvis" klikka meg inn på det. Eg har mista litt oversikt over dagens skøyteløparar (no høyres eg nok ut som eg er minst 70 år), men er glad eg fekk sjå Schneider sitt forsøk på å finne ein ny og genial måte å gå på skøyter på. Det var ikkje så genialt som han hadde trudd, og han endte på ein sisteplass. Eg er og glad eg fekk sjå at nordmannen Håvard Bøkko gjekk eit flott løp og til slutt blei nr. to. Det hjelp å løfte beina når ein har klappskøyter! :D

Her kan du sjå den nye teknikken til Schneider

* eg veit at korrekt nynorsk kanskje er "skeiselaup", men det er meir naturleg for meg å skrive "skøyte" og "løp"

Saturday, November 07, 2009

Då Patrik kom til Bergen.

Måndag den 2. november var den store dagen. Bergen kino skulle vise Patrik 1,5. Dette er ei sak eg saman med LLH Bergen og Hordaland har jobba med sidan filmen IKKJE gjekk på kino i Bergen i vår. Det å kunne jobbe med film og politikk samstundes må vere toppen av lykke! Dei fleste kjenner nok historia (om du ikkje gjer, send meg ein mail og eg gir deg ein gjennomgang). Eg var veldig spent på om alle som hadde tinga billett ville kome, og det såg jammen slik ut. Det var nesten 150 menneske(bildet er teke kl 15.50), noko eg er veldig nøgd med og stolt over!

Filmen er fin. Eg har sjølvsagt sett den før, den kom trass alt på DVD for ei stund sidan. Likevel er det noko heilt anna å sjå den på kino. Kjensla eg hadde då filmen sette i gong var... spesiell. Det skjedde verkeleg. At regissøren var med gjorde det heile spesielt. Ho fortalde at det ikkje hadde vore berre lett å skulle lage filmen heller. Det er verkeleg trist at det å lage filmar med homofile i hovudrollene er kontroversielt. Vi lever i 2009! Størst av alt er kjærleiken. Det burde ikkje spele noko rolle om det var ei kvinne og ein mann, to menn eller to kvinner.

Gjennom heile filmen sat eg med gåsehud. Eg lo, eg nikka gjenkjennande, eg felte nokre tårer og smilte av den fine slutten. Som byrådsleiaren sa: "Eg hadde ikkje ORKA noko anna enn ein happy ending på denne filmen!"

Då eg kom heim måtte eg sjølvsagt finne songane frå filmen og laste ned. Dolly Parton med "Here you go again" og Tanja Tucker med "Love me like you used to". Når eg høyrer på dei på iPoden min tenkjer eg tilbake på filmen, og eg trur eg har lyst til å sjå den i dag. Det passer jo bra når vi har Vilde Marie på besøk :)

Dersom du ikkje har sett filmen rådar eg deg til å gjere det NO! Du får kjøpt den blant anna på cdon.no :)

Wednesday, October 28, 2009

Terningkast for BIFF

Bergen Internasjonale Filmfestival aka BIFF går mot slutten. Det er trist men sant. Eg har hittil fått med meg fylgjande filmar:
* Funny people - Terningkast: 4/5
* The White Ribbon - Terningkast: 4
* Med åpne øyne - Terningkast: 5
* Letters to the president - Terningkast: 5
* True Adolescents - Terningkast 4

Eg er med andre ord ganske nøgd med valg av filmar. Det er mange eg skulle ønskt eg kunne sett, heldigvis kjem mange av dei på kino.

...mellom dei to siste filmane i dag fann vi ut at det blei for lenge å vente. På biletet finles Johannes programmet til BIFF for om mogleg finne ein film vi kunne sjå i den lengste pausa.Sidan det ikkje var BIFF-filmar som frista nok (valet stod mellom fransk og russisk), valde vi å sjå "Knerten". Eit val som vi er ganske så nøgde med! Trur eg fint kan anbefale denne og. Den fungerte fin-fint som ein pausefilm!

Elles gjekk ete-så-lite-karbohydratar-som-mogleg-prosjektet litt i vasken i dag, så det er kanskje like greit at det kun er BIFF ein gong i året!

No har eg kun ein film att, som eg skal gjere mitt beste for å rekke å sjå.

Tuesday, October 13, 2009

Heilfrelst på Sigvart Dagsland


I kveld var det lansering av Olaug Nilssen si bok "Nesten frelst av Sigvart Dagsland". Eg var så heldig at eg fekk gå dit saman med mine to Sigvart-vener; Kristoffer og Hanne. Det seier kanskje litt når eg skjønte det var Hanne eg fekk sms frå når ho spurde om eg skulle på Sigvart-hendinga(eg har ny tlf og har ikkje fått lagra alle nr enda). Kristoffer hadde eg jo alt avtala med. Vi er ei elite. Dei andre er uvitande. Vi er dei heilfrelste, i motsetnad til Nilsen som er nesten frelst. Av Sigvart Dagsland.

Forfattaren Olaug Nilssen har altså skreve ei bok om Sigvart. Om korleis ho meiner han burde vore sidan han er kristen og artist. Om kor mange prosent av platecovera hans som er kristne. Kor mange prosent av tekstane som er kristne (med og utan Erik Hillestad). Og kva ho meiner kjenneteiknar ein kristen. Og det er ikkje slike som Sigvart. Som ønskjer praktiserande (eller innhalerande som han kalla det) homofile velkomne i kyrkja. Som drikk vin og øl. Som ikkje trur på alt i Bibelen.

Sjølv kan eg ikkje heilt skjøne kva som er gale med å like basar. Krydderkake kan eg styre meg for. Sigvart fell på mange måtar utanfor det Nilssen forbind med å vere ein kristen. Det var ei fin samtale. Ei samtale om kvifor Sigvart kasta ein palmekvist på golvet i reint sinn. Ei samtale om hans ønskje om å ikkje vere kjendis. Ei samtale om Himmel og Helvete. Vi fekk høyre som sider ved Dagsland sjølv ikkje eg visste om (ja, eg veit det høyres merkeleg ut!).

Og i tillegg tre av mine favorittsongar. "Voktaren", "Alt eg såg" og "Djupe spor". Tre songar som alltid gjev meg gåsehud. Som alltid gjer at eg får ei tåre i augekroken. Jada, eg er sart og soft. Eg er veldig glad for at eg fekk med meg dette! Ein glimrande måte å tilbringe ein tysdagskveld på!

Og Kristina, Vilde Marie og Helene følg med no! Denne boka ønskjer eg meg til jul: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4460782

(Synnøve; du må gjerne minne dei på det ;) )

Wednesday, September 23, 2009

...viktig å brenne litt...

Det er spesielt tre ting eg brenn for; eit fritt Burma, rettar for homofile og miljøutfordringane. Dei siste dagane har eg på ein måte kjempa litt for alle tre. To av dei rett nok kun ved å gå på kino, men eg har trua på at sjølv små ting hjelper. Det får ein dessutan til å hugse dei viktige tinga, og kanskje t.d. gje pengar til den norske burmakomiteen og tenke seg om to gonger før ein kjøper ting ein slett ikkje treng. På bildet ser vi pila vi laga for å peike på situasjonen i Litauen.

Trur ikkje eg skal seie så mykje meir, berre anbefala følgande lenkjer;

den norske burmakomiteen
notstupid

Sunday, September 13, 2009

Viktige filmar.

"Burma VJ" har premiere den 18. september, og den har eg tenkt å sjå ganske med ein gong den kjem. Dette er ein norsk/dansk dokumentar om eit av verdas mes lukka og undertrykkande regimer der ein handfull menneske risikerer livet litt for å fortelle omverda sanninga om kva som foregår i heimlandet. Utstyrt med kameraer filmar dei demoar, munkeopprør og maktmisbruk og smuglar opptaka ut av landet til den Oslo-baserte tv-stasjonen Democratic Voice of Burma (DVB). DVB sender det så attende til Burma slik at det burmesiske folk får vete at det fins motstand - og håp! Eg voner verkeleg at så mange som mogleg får med seg denne filmen. Den er viktig! For mange livsviktig. Elles vil eg oppmode folk til å gi pengar til Den norske burmakomité. Dei gjer ein svært viktig jobb, og treng DI hjelp!

Filmen "The Age of Stupid" er og ein film alle bør få med seg. Den handlar om klimaendringane og korleis vi kan snu i tide. Dei fleste veit forhåpentlegvis korleis ein kan bidra til å hjelpe kloda vår, men ein god ting kan ikkje gjentas for ofte. Her er difor 10 tips:

1; Arranger bytekveld.
Du hugser sikkert mor sine Tupperwareparties på 90-talet. Kvifor ikkje la seg inspirere av det og invitere venene dine til klesbyteparty-eller bøker, cd-ar eller andre ting du vil byte. Dei fleste har alt for mykje klede, og på den måten får ein "nye" klede utan å belaste miljøet. Det som blir til overs tek du med til næraste Uff-container (eller Fretex).

2; Ta toget.
Ei av dei mest trafikkerte flyrutene i Europa er faktisk Bergen-Oslo! Dette er miljømessig lite smart, siden turen ikkje består av så mykje meir enn enn start og landing. Luftfart medfører utslipp av CO2, NO2, Lystgass, flyktige organiske forbindelser, sot, sulfatpartikler og svoveldioksid. Disse utsleppa bidreg til global oppvarming og lokal forureining. Tar du toget slepp du i tillegg sikkerhetskontroll, reise til og frå flyplassen, du kan sove, du kan arbeide, du kan ta deg eit glass vin og sjå på naturen.

3; Bli ein vinnar- en gjenvinnar
Fliere titalls millonar drikkekartongar er på avveges-lost in garbage!
For vi veit jo kvar det skal. Men likevel tømer vi whitesprit i vasken og batterier i søpla.
Å gjenvinne en aluminiumsboks, sparer 95% av energien som krevst for å produsera ein ny boks. Å gjenvinne ei plastflaske i stedet for å produsere ei ny, sparer nok energi til å halde ei 11 watts sparepære ljosande i 33 timar.

4; Kjøp kortreist mat.
Transport av mat er forbundet med utslepp av fossilt brensel. Jo kortare maten vi et ”reiser” jo mindre forurensing vil den gje i gjennom transport. Men det betyr ikkje alltid at produktet som er produsert i nærleiken er meir miljøvenleg, sjølv om transporten har vort kort. Eit anna aspekt ved å kjøpe lokalprodusert mat er at dette bidreg til å støtte lokale krefter og oppretthalde det norske kulturlandskapet.

5; Drikk vin!
Altså, ikkje at eg oppmodar til fyll, men i stadet for å kjøpe en eletrisk morellsteinplukkar eller andre ting som fyller opp i skuffer og skap så er det betre å bruke pengane på god mat-eller ei flaske vin. Meld deg selv som frivillig til å kjøpe inn vin til vinlotteriet på jobben. Deretter kan du kjøpe inn økologisk eller fair-trade vin. Du finn dei på polet.

6; Ver en ansvarlig turist.
Turisme kan vere bra-det skapar arbeidsplassar og innteker til lokalbefolkninga. Det beste du kan gjere for å redde løver i Afrika er å sørgje for at det er mer lønsamt å vise dem fram til turistar enn å skyte dei. Det er betre å bu på lokale pensjonat eller hotell og drikke lokalt øl enn å bo på svære internasjonale hotell og ete på Burger King. Dersom du bur på hotell; ver bevisst på kva hotell kjeder som er miljøbevisste!

Ikkje alle har like bra tilgang til vatn som vi har i Noreg. Hugs å skru av ljoset og aircondition når du går ut av rommet. På Hawaii og Barbados bruker en turist mellom 6 og 10 ganger mer vatn enn ein fastbuende. Kva med å velgje eit hotell utan svømmebasseng?

7; Bli støttemedlem eller faddar
Det er mange forskjellige humanitære organisasjonar som du kan støtte. Redd Barna, Care, Leger uten grenser, WWF, Plan Norge, Unicef, Utviklingsfondet osv
Gå inn på heimesidene, finn ut kven du vil støtte og dermed bidra til at fleire born får gå på skule, får vaksinar mot farlege sjukdommar eller får ein tryggere veg til skulen-uten miner.

8; Kast kondomar i søpla-ikkje i toalettet.
Det fordrer og at den blir brukt fyrst. Norske ungdommar er verdensmestere i å pusse tennene-og dårlegst når det kjem til å bruka kondom. Ikkje mykje å skryte av kanskje?

9; Et mindre kjøt.
Neida, du må ikkjr bli veggis. Men kjøt er den mest ressurskravende maten du kan ete.
For å produsere ein kilo biff har det gått med energi tilsvarande 7 liter olje. Prøv difor å byte ut ein kjøttmiddag i veka med ein middagsrett basert på belgfrukt, som det gått med 15 ganger mindre energi å produsere. Vi nordmenn et 28 kilo meir kjøt i året enn vi gjorde på 1970-tallet. Liker du ikkje veggismat? Vel, kylling er den kjøtsorten som er minst klimabelastande.

10; Engasjer deg.
Skriv et lesarinnlegg der du krev fleire vindmøller, dobbeltspor på jernbanestrekningen der du bur eller kildesortering i kommuna. Send ein mail til partitet du har tenkt å røyste på og spør kva dei menier om oljeboring i nord. Send ein mail til samferdsledepartementet og spør når vi får lyntog i Norge. Set miljø på dagsordenen!

....

forhåpentlegvis kjem det fleire viktige filmar utover hausten, feks. på BIFF ;D

Saturday, September 12, 2009

Bidrag nr 2


Eg laga eit nytt bidrag, eller kanskje ikkje heilt nytt. meir eit vidareutvikla bidrag, i konkurransa til Isabel.

Friday, September 11, 2009

...klypper frå Opplysningskontoret (OK)

"Frp lanserer 100-dagers program om de kommer i regjering - ikke klar over at regjeringsperioden var fire år."

På OK sine sider kan du óg lese om Høgre som lanserar ferdighetsknappar og -glansbilete i skulen.

For anna snacks, klikk her!

Enjoy :)

Mitt bidrag

Isabel utlyste i går ei konkurranse, og sjølvsagt måtte eg vere med på denne. Her er mitt bidrag.


video

Monday, September 07, 2009

Ei gulrot


~ daucus carota eller marginal product of incentive.

Eg har hatt heimekontor/sjukedag i dag, og trengde noko for å motivere meg sjølv med. Etter å ha leita litt i skåp og skuffer såg eg gulrøtene vi...eh eg kjøpte laurdag. "Jaudå! Sjølvsagt skal eg ete dei!" sa eg eplekjekt. For dei lukta godt, og ingenting er som kortreist mat. Det var tenkt å skulle erstatte snop. Til ein viss grad. Til no har eg ete to gulrøter, men eg trur eg treng ei gulrot (i insentiv-meininga) for å motivere meg til å ete fleire gulrøtter (daucus carota). For dei smakte ikkje slik dei skulle. Dei var smaklause, og eg syns kanskje bøndene her i vest kunne gjort noko med det. Kva er feil med smaksforsterkarar? Som eg lærte Helene i helga er den jo allereie full av fargestoff...

Ellers ser eg fram til den siste veka i valkampen. Og gler meg over at FrP tapar massevis. Kanskje dei og kunne trengt ei gulrot for å stå heile løpet ut. Men gulrøtene mine får du ikkje, Siv!!

Sunday, August 23, 2009

Ver for folk flest?

I dag trossa eg regn og toréver og reiste til Bergen for å høyre på Siv Jensen. Ikkje fordi eg trudde ho ville kome med noko nytt, men fordi det er litt interessant å sjå korleis ho har endra seg i det siste. Ho vil liksom tekkje alle. Folk flest.

Før Siv fekk lov til å entre scenen fekk tre av dei lokale vise seg litt fram. Fyrst femtekandidaten frå Hordaland FrP Torkil Åmland, sist høyrd i utdanningsdebatten til Studentersamfunnet.Like før han begynte å prate kom det myrke, nesten svarte skyer, og regnet bøtta ned. Det var nesten som om det var ei meining. Han er det eg vil kalle ein typisk representant for sitt parti. Like myrk som skyene som var over Festplassen. I debatten på UiB blei han arrestert for å ha prata mot eige partiprogram, og eg trur nok han var litt på kant denne gongen og. Det han fokuserte mykje på, og som eg reagerte mest på, var dette med at ein familie består av mor, far og born. At den nye ekteskapslova var feil, og at FrP ville halde fram med å jobbe mot den. Dei to neste talarane Kari Woldset og Arne Sortevik prata om samferdsel og asylpolitikk. Woldset kunne fortelle oss at med SV i regjering kunne ho garantere at det kom til å bli barnehagePLIKT for alle landet sine eittåringer. Kvar tek dei det frå??

Så kom "endeleg" Siv på scena. Det som slår meg er at ho pratar mykje om ingenting, og at det er myke feigskap over det ho seier. Kall ein spade for ein spade. Ikkje pakk det inn for at flest mogleg skal svelgje det du har å tilby! Midt i ei setning om kriminalitet sa det "PANG" og skjermen blei svart og lyden borte. Det var kanskje ei meining med det?

Då dei fekk fiksa lyden at kunne Siv fortelle oss at FrP skulle fjerne alle bompengar. På bompengestasjonane skulle dei jamvel sette opp skilt som sa at det var FrP vi kunne takke for at vi slepp å betale bompengar. Og kvar ho skal ta pengane frå? Altså... vi HAR jo oljefondet! Kva er det vi maser med? Skattelette, fjerning av bompenger, utbetring av vegene... oljefondet er løysinga!

Etter at eg hadde høyrd på Siv gjekk eg til Skostredet. Det fekk meg i betre humør :)