Thursday, August 18, 2016

It's all about the money! Ein filmkrikk

I morgon har flmen War Dogs premiere på norske kinoar. Filmen omhandlar to menn som under den fyrste Irak-krigen utnyttar at små føretak kan by på militærkontraktar. Dei har aldri vore i eit land med krig, og har dermed ikkje den ringaste aning om kva dei driv med. Dette kunne vore ein interessant film, ein film som kunne sett søkjeljos på ei viktig sak, nemleg krigsprofitørar - med USA i hovudrolla.

Men
, for det er eit stort men her! Filmen er regissert av
Todd Phillips, mannen som står bak Hangover-filmane. I hovudrollene finn vi Jonah Hill og Miles Teller, ikkje akkurat dei to skodespelarane som eg ser på som dei mest seriøse i verda. Og ja, filmen blir omtala som ein beskreve som ein actionkomedie.

Eg skjønar ikkje heilt kva som er morsomt med to menn som vil tene seg rike på at menneske blir drepne. At byar blir utsletta. At menneske står utan ein stad å bu og tvinges til å flykte til ei uviss framtid. Dette skal altså Hollywood profitera på, og eg tenkjer at vi også kan kalle filmbransja ein krigsprofitør.

No comments: