Friday, July 02, 2010

Framleis heilfrelst og snart på sporet

No er det berre nokre få dagar att før vi reiser til Stavanger. Planane er ikkje mange, sjølv om Synnøve sikkert syns eg har for mange. Eg er ikkje utdanna reiselivsplanleggjar for ingenting!

Mange lurer på kvifor vi nett skal til Stavanger. Kvifor denne facinasjonen for oljebyen? Svaret er enkelt. Sigvart. Rett og slett. Vi skal til Sigvart Dagsland sin heimby. Vi skal finne barndomsheimen hans på Stokka. Kikke inn vindauget på Eiganes barneskole. Besøke Domkyrkja der han var sopran i guttekoret. Oppleve roen på Blåsenborg der han fann inspirasjon til songen med same namn. I det heile tatt gå i Sigvart sine fotspor.

Eventuelt skal vi ikkje gjere alt det, i alle fall ikkje så openbart. Det kan hende eg later som om eg har dårlegare retningssans enn eg har, og utbryter: "Oj! Vi har kome til Eiganes barneskole, vi skulle jo til "Bøker og børst"! Oups. Men når vi fyrst ER her; visste du at det var her Sigvart gjekk på skule?" Synnøve kjem til å smile og seie: "nei, det visste eg ikkje! så spennande! Trur du det var her han lærte å lese?" Og så er vandringa i gong.

Eventuelt kan det hende at eg ikkje kjem til å klare å gå oss så mykje vill at vi kjem fram til ein einaste av destinasjonane nemnt over. Eg kan dog likevel tenkje på Sigvart, og kikke i platebutikkane for å sjå om dei promoterar Stavanger si store stemme på høveleg vis. Og plassere CDane hans fremst slik at alle kan sjå dei.

Eg gler meg! Og håper at eg kan tenke "nå står tiden stille" medan vi er i Stavanger :)

Her og her kan du lese litt om sist eg var i Sigvart sin heimby!

No comments: