Tuesday, July 06, 2010

Resultat dag 1

Foreløpig fungerer planen min om å gå i Sigvart sine fotspor slik delvis. Det er jo umogleg å unngå Domkyrkja der Sigvart var sopran i gutekoret, men ellers har han glimra med sitt fråver. Det hjalp litt at Eiganes skole var fint teikna inn på kartet vårt. Ei fjør kan lett bli til opp til fleire høns på den måten. Apropos dét; på veg til Stavanger såg vi filmen "Food inc" som ga oss eit innblikk i amerikansk matindustri, og det er verkeleg rett å kalle det industri.

Eg har jo visst at dei ikkje har den mest humane måten å behandle verken dyr eller menneske på, men dette var ganske ekstremt. Heldigvis er det teikn til endring der også, det er ein del bønder som har innsett at ting har gått for langt, og som no har begynt organisk og rettferdig jord- og landbruk. Dessverre styrer dei store selskapa framleis alt for mykje. Eg er veldig glad for at det er mykje strengare krav her i Noreg. Ting kan sjølvsagt bli betre, men om ein samanliknar med USA (og sikkert andre land) har våre husdyr det godt, og vi har eit mykje meir bærekraftig landbruk.

Uansett var dette ein vekkjar. Eg vil gjerne handle meir kortreist, organisk og rettferdig, både mat og andre varer. Dette fører oss elegant attende til Stavanger. Her i byen er det mange fine fairtrade-butikkar, fleire enn i Bergen (som faktisk har fairtradestatus. foreløpig.). Det finns og mange spisestader og butikkar som sel kortreist og organisk dyrka mat. Det er synd at vi skal fly attende til Bergen, elles hadde vi nok handla med oss ganske mykje. Stavanger er på ein måte så ryddig. Oversiktleg. Og rettferdig. Den fargerike gata er eit speglbilde av resten av byen.

Attende til Sigvart, eller snarare hans fråver. Eg leita. Og leita. Plutseleg kom vi til "Bok & media"; her måtte det då gå an å finne i det minste eit par av Sigvart sine CDar. Eg leita. Og leita. Men fann ikkje noko. Nei, det stemmer jo. Sigvart vil ikkje bli kalla "kristen artist", noko du kan lese om i Olaug Nilsen si bok "Nesten frelst av Sigvart Dagsland". Sikkert difor dei ikkje hadde ein einaste CD av Stavanger si store stemme i denne kristne bokhandelen. Som plaster på såret fekk eg eit armband med ichtus av Synnøve.

I dag held jakta fram. Eg trur sjansen for å finne spor etter han er større om eg går på Platekompaniet. Kanskje vi tilfeldigvis kjem over andre spor også, ein veit aldri. Det er i alle fall mange spor på ein CD.

No comments: