Friday, June 25, 2010

We're sooo meant to be ;D

I kveld er det Kvinnekveld på Skeive dagar, der er ikkje eg. Eg har sjølvsagt vore der før, feks i 2005 når det var Europride i Oslo. På den tida var eg singel, fem år yngre (som seg hør og bør) og då som no hadde eg evnen til å stikke meg fram når det var eit kamera i nærleiken. På bildet under ser de meg med ring rundt.

"Men kven er det som er i den andre ringen?" spør du sikkert no (eller kanskje ikkje, men det er like greitt å spørje, for eg kjem jo til å fortelle det!). Jau, det skal eg fortelle! Det er Synnøve. Jepp, den Synnøve eg no er gift med. Det er ikkje mange menneske mellom oss heller, men for å vere ærleg trur eg ikkje at ho la merke til meg, sjølv om eg hadde ei utruleg lekker GUL t-skjorte! Om de ser nøye ser de at Synnøve dansar grasiøst, medan eg klamrar meg fast til øla med den eine handa og har den andre godt ned i lomma. Og om de ser ekstra godt etter kan de jammen meg sjå at eg også den gongen hadde button.

Kva vil eg så fram til? Ikkje så veldig mykje, berre at det er litt morsomt at vi var i det same lokalet for nesten nøyaktig fem år sidan :D Yey!

Og så voner eg at alle som skal på Kvinnekvelden i dag oppheld seg i det same rommet som den dei skal gifte seg med etterkvart. Det hadde vore veldig fint, i grunnen. Og kanskje de om nokre år kan studere gamle bilete på same måten. Då voner eg at du skriv om det i din blogg!




No comments: