Sunday, November 29, 2009

Ein knapp siger

Det blei siger til "Love acctually" i den store julefilmtesten i Småvika 19 i går. Filmen vann med knappast mogleg margin, 0,1 poeng, til "The Holiday". På tredjeplass kom filmen "Fred Claus" som slo best an blant den yngre garde.

Resultatliste:
Love accually - 7,3 poeng
The Holiday - 7,2 poeng
Fred Clause - 3,4 poeng

Julebrus og julefilm for alle penga

Så var den endeleg her, kvelden då den store julebrus- og julefilmtestinga skulle finne stad. Alle var svært spente. Eg kanskje aller mest! Vi hadde kjøpt inn seks typer brus, den eine med meir forlokkande namn enn den andre. Eg hadde stor tru på at Simba skulle vere ein fantastisk brus!

For min egen del må eg si at det kunn finnast ein ordentleg julebrus, nemleg Hamar og Lillehammer bryggeri sin julebrus. Den er brun i farge slik julebrus SKAL vere. Diverre delte ikkje dei andre min smak, så difor nådde ikkje denne heilt opp. Dei likte imidlertid Hansa sin julebrus (eg tipper det var mykje patriotisme), men eg syns den smakar for mykje bringebær. Den tidligare nemnde Simba vann ein pris, den for mest kunstig smak. E-stoffabrikken må ha gjort det godt når denne brusen blei produsert!

Så over til vinnaren. Vinnaren kjem frå Drammen. Den er raud i farge, smakar passe søtt som julebrus skal gjere. Til å vere raud julebrus var den ein veldig god brus. Det KAN nok ha spelt ei rolle at dette var den einaste brusen som var på glasflaske, men la oss ikkje spekulere om slik no. - Den hadde ein god smak, og hadde ikkje ettersmaken som dei andre hadde, uttalar ein av prøvesmakarane. - Eg smakar ikkje forskjell, innrømmer testen sin yngste deltakar. Uansett, vinnaren av julebrustesten er... Aas julebrus!!

Av filmar har vi til no sett Love acctually, som fekk ein snitt karakter på 7,3 og Fred Clause som fekk karakteren 3,4. Skalaen går frå 1 til 10, der ti er best. No skal vi sjå The Holiday, og eg føler på meg at denne kjem til å få ein god karakter.

Dette er noko eg kan anbefale alle å prøve, det har vore ein super kveld til no! :)

Wednesday, November 25, 2009

syns du skal stemme i den store julebrus- og julefilmtesten

Laurdag skal eg, Synnøve, Kristina, Vilde Marie og Helene teste julebrus og julefilmar. Til det treng vi litt hjelp. Kva filmar skal vi teste? Til høgre finn du ei meiningsmåling. Du kan velgje fleire, men fint om ikkje alle vel alle :P Dersom det er ein film eg ikkje har på lista, men som du meiner vi bør sjå kan du krysse i ruta "andre " og kommentere på dette innlegget.

Voner mange nytter høvet til å stemme, og hjelpe oss. Vi rekk liksom ikkje alle (diverre) på ein kveld/natt.

Monday, November 23, 2009

Om plassering og signaleffekt

Som alle veit har plassering svært mykje å seie for sal av dei fleste varer. Det er ikkje utan grunn at sjokolade ofte er plassert nær kassene, eller at mjølk er heilt inst i lokalet. Eg plar kjøpe Blikk* på ein fast Narvesen-kiosk. Før var det fint plassert fint på hylle saman med Det Nye, Henne og andre livsstilsmagasiner. Det var ganske greit når ein skulle kjøpe magasinet, ein kunne bla gjennom det utan problem. Til og med om du var i skåpet kan du då gå og smugkikke litt, om ikkje anna så i alle fall på framsida.

Dette er no diverre endra. Eg leita lenge før eg fann det. Og der, oppe på øvste hylle, rett ved sidan av pornoblada stod Blikk. Eg trur denne plasseringa vil gjere det mykje vanskelegare for mange å kjøpe magasinet, og lurer på om det er bevisst frå Narvesen si side. Det å skulle strekke seg opp mot hylla med pornoblada vil for mange vere både nedverdigande og vanskeleg.

Dette er ikkje ein kommentar mot (eller for) porno, det er berre tankar eg gjer meg om slik plassering. Eg skal heller ikkje spekulere så veldig mykje, men det er vanskeleg å ikkje tenkje at det er bevisst. Særleg når ein bur i ein by der fylkesmannen ønskjer å fjerne Blikk frå dei vidaregåande skulane, og der bystyret syns det er veldig problematisk, for ikkje å seie ein umoglegheit, å skulle distribuere det til ungdomsskular. Eg seier ikkje at fylkeskommunen eller kommuna er med og bestemmer plassering i butikken, eg er berre skeptisk til kva signal dette gir.

* det einaste norske bladet for homofil

(dette innlegget kjem på trykk i januarutgåva av Blikk)

Fin konsert. (god tittel på blogginnlegget!)

...då Eidsvåg starta konserten med "Kyrie" sette han standarden. Gåsehud med ein gong, noko som skulle kome tilbake fleire gonger iløpet av konserten.

Konserten var ein del av turneen for på promovere den nye samleplata til Bjørn Eidsvåg, og jammen trur eg ikkje at han klarte å velgje det beste av det beste til konserten óg. Som han sa sjølv så har han meir enn nok å velgje i, så å koma ned til to timar er faktisk ei bragd i seg sjølv. Ljosteknikkaren hadde kanskje ikkje sin beste dag på jobben, men trur ikkje nokon fekk konsertopplevinga si øydelagd av det.

Det vakte latter då Bjørn sa at dei framleis var mette etter å ha ete peparkaker i natt (http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Full-mann-skroet-av-husknusingen-969115.html), men han hadde sjølvsagt eit poeng når han sa at det er ei skam at dei ikkje hadde vakthald ei laurdagsnatt på Torgallmenningen. Det er nesten å be om bråk!

Attende til konserten fekk vi sjå ein kjenslekald Eidsvåg framføre kanskje den flauaste songen i norsk pophistorie. Han kunne fortelle oss at han hadde liten lyst til å synge songen "Forbuden frukt", men sidan den var på samleplata hadde han ikkje så mykje val. Heldigvis var ljoset på dette tidspunktet såpass bra at ein såg anletsuttrykka til den ikkje lenger så unge artisten. Stakkars mann!

Eg er svært glad for at han fann plass til songen med strofa "eg miste møkje miste e deg" som eg har høyrd slik ca 10 000 gonger i det siste (forøvrig er den frå "E du den du e"). Fint å høyre "Føtter på fjell" live igjen, det var då eg måtte slutte å vere tøff og grine bittelitt.

Ekstranummer blei det sjølvsagt og, og denne gongen hadde han med seg Lars Vaular på songen "Skyfri himmel" noko som var ganske så koolt. "Eg e kje din kjæreste, eg e din kontaktperson. Velkommen til Sandviken, eg e din kontaktperson". Som folk kanskje veit handlar songen om ei som slit psykisk, og Sandviken siktar her til Sandviken psykiatriske. Det andre ekstranummeret var med Gabrielle, sist sett i X-faktor. Nok ein gong song ein noko flau Eidsvåg, denne gongen om Gabrielle sine "nydelige former" og "brystene som duver når du e engasjert". Men trass at han nok var flau var dette og vakkert.

Avslutninga med "Eg ser" ga meg igjen gåsehud. Fin avslutning! AKK!

Og sjølvsagt takk til Kristoffer for godt konsertselskap som vanleg :) Sigvart neste gong?

Saturday, November 21, 2009

Ønskjeliste

Jula nærmar seg, og det kan ofte vere kjekt å vete kva andre ønsker seg til jul. Dersom du av ein eller annan fin grunn tenker å gje meg noko kan eg tipse deg litt:

ein gitar

litt såkorn

denne vinen

presskanne og fairtrade-kaffi

noko frå denne butikken


kino- eller teaterbillettar

denne kokeboka

noko herifrå


Det var berre nokre tips. Kanskje du og fekk nokre tips til kva du kan kjøpe til andre?

Sunday, November 15, 2009

ER det makt?

Eg er, som nokre kanskje veit, ganske ofte inne på play.com. Ikkje berre for å kjøpe noko, men og for å sjå på alt det fine dei har der. Noko anna eg er ganske oppteken av er Sigvart Dagsland. I kveld tenkte eg at eg skulle sjekke om dei hadde noko av Sigvart på play.com, og det hadde dei. Både heile CDar og songar til nedlasting. Blant anna dette:

Sigvart Dagsland - Der Er Makt I De Folded Hender (There Is No Power In These Folded Hands) |

Eh...er det makt, eller er det ikkje? Og ja, songen heiter eigentleg "Det er makt i de foldede hender".

Og ja, dette var så morsomt at eg måtte blogge om det. Enkelt og greit :)



Sunday, November 08, 2009

Skøytelaurdag

Dette har vore ein særs fin laurdag, og eg har trua på at resten av helga blir like fin! I gamle dagar såg eg alltid på skøyteløp* på tv, og ja, eg var nok stundom såpass nerdete at eg skeiv rundetider (og sjølvsagt sluttider). Eg innrømmer at eg ikkje kjenner så godt til dei som går på skøyter no tildags. Borte er Johan Olav Koss, Ådne Søndrål, Bart Veldkamp, Jan Bos, Rintje Ritsma, Gianni Romme og Falco Sandstra. Ja, eg likte dei nederlandske på 90-talet. Det var imidlertid ein amerikanar som skulle få meg til å grine. 1000 meter. OL 1994. Dan Jansen (bildet) tok endeleg gull. Endeleg klarte han det. Kanskje den mest fortente gullmedalja nokonsinne!

Attende til notid. I dag var det verdscup frå Berlin, og eg var så heldig at eg "tilfeldigvis" klikka meg inn på det. Eg har mista litt oversikt over dagens skøyteløparar (no høyres eg nok ut som eg er minst 70 år), men er glad eg fekk sjå Schneider sitt forsøk på å finne ein ny og genial måte å gå på skøyter på. Det var ikkje så genialt som han hadde trudd, og han endte på ein sisteplass. Eg er og glad eg fekk sjå at nordmannen Håvard Bøkko gjekk eit flott løp og til slutt blei nr. to. Det hjelp å løfte beina når ein har klappskøyter! :D

Her kan du sjå den nye teknikken til Schneider

* eg veit at korrekt nynorsk kanskje er "skeiselaup", men det er meir naturleg for meg å skrive "skøyte" og "løp"

Saturday, November 07, 2009

Då Patrik kom til Bergen.

Måndag den 2. november var den store dagen. Bergen kino skulle vise Patrik 1,5. Dette er ei sak eg saman med LLH Bergen og Hordaland har jobba med sidan filmen IKKJE gjekk på kino i Bergen i vår. Det å kunne jobbe med film og politikk samstundes må vere toppen av lykke! Dei fleste kjenner nok historia (om du ikkje gjer, send meg ein mail og eg gir deg ein gjennomgang). Eg var veldig spent på om alle som hadde tinga billett ville kome, og det såg jammen slik ut. Det var nesten 150 menneske(bildet er teke kl 15.50), noko eg er veldig nøgd med og stolt over!

Filmen er fin. Eg har sjølvsagt sett den før, den kom trass alt på DVD for ei stund sidan. Likevel er det noko heilt anna å sjå den på kino. Kjensla eg hadde då filmen sette i gong var... spesiell. Det skjedde verkeleg. At regissøren var med gjorde det heile spesielt. Ho fortalde at det ikkje hadde vore berre lett å skulle lage filmen heller. Det er verkeleg trist at det å lage filmar med homofile i hovudrollene er kontroversielt. Vi lever i 2009! Størst av alt er kjærleiken. Det burde ikkje spele noko rolle om det var ei kvinne og ein mann, to menn eller to kvinner.

Gjennom heile filmen sat eg med gåsehud. Eg lo, eg nikka gjenkjennande, eg felte nokre tårer og smilte av den fine slutten. Som byrådsleiaren sa: "Eg hadde ikkje ORKA noko anna enn ein happy ending på denne filmen!"

Då eg kom heim måtte eg sjølvsagt finne songane frå filmen og laste ned. Dolly Parton med "Here you go again" og Tanja Tucker med "Love me like you used to". Når eg høyrer på dei på iPoden min tenkjer eg tilbake på filmen, og eg trur eg har lyst til å sjå den i dag. Det passer jo bra når vi har Vilde Marie på besøk :)

Dersom du ikkje har sett filmen rådar eg deg til å gjere det NO! Du får kjøpt den blant anna på cdon.no :)

Les kva BLIKK skriv om saka.