Monday, November 23, 2009

Om plassering og signaleffekt

Som alle veit har plassering svært mykje å seie for sal av dei fleste varer. Det er ikkje utan grunn at sjokolade ofte er plassert nær kassene, eller at mjølk er heilt inst i lokalet. Eg plar kjøpe Blikk* på ein fast Narvesen-kiosk. Før var det fint plassert fint på hylle saman med Det Nye, Henne og andre livsstilsmagasiner. Det var ganske greit når ein skulle kjøpe magasinet, ein kunne bla gjennom det utan problem. Til og med om du var i skåpet kan du då gå og smugkikke litt, om ikkje anna så i alle fall på framsida.

Dette er no diverre endra. Eg leita lenge før eg fann det. Og der, oppe på øvste hylle, rett ved sidan av pornoblada stod Blikk. Eg trur denne plasseringa vil gjere det mykje vanskelegare for mange å kjøpe magasinet, og lurer på om det er bevisst frå Narvesen si side. Det å skulle strekke seg opp mot hylla med pornoblada vil for mange vere både nedverdigande og vanskeleg.

Dette er ikkje ein kommentar mot (eller for) porno, det er berre tankar eg gjer meg om slik plassering. Eg skal heller ikkje spekulere så veldig mykje, men det er vanskeleg å ikkje tenkje at det er bevisst. Særleg når ein bur i ein by der fylkesmannen ønskjer å fjerne Blikk frå dei vidaregåande skulane, og der bystyret syns det er veldig problematisk, for ikkje å seie ein umoglegheit, å skulle distribuere det til ungdomsskular. Eg seier ikkje at fylkeskommunen eller kommuna er med og bestemmer plassering i butikken, eg er berre skeptisk til kva signal dette gir.

* det einaste norske bladet for homofil

(dette innlegget kjem på trykk i januarutgåva av Blikk)

No comments: