Friday, June 12, 2009

Kulturelle opplevingar

Dei to siste døgna har vore prega av kulturelle opplevingar. I går var eg på teater saman med Synnøve og Einar og såg "De angrende". Eit stykke om to menn som gjennomgår kjønnsskifte, og så angrar dei. Det var eit sterkt stykke. Litt komisk. Rørande. Og veldig, veldig bra! Synd DNS kun set det opp to gonger, men flott at det var fullsett sal i går!

I dag var det tid for eksamensførestilling for Isabel si dramaklasse på HiB, og dette måtte eg få med meg. Temaet gruppe ein hadde fått var spegel, og eg hadde nok høyrd litt undervegs. Likevel veldig spennande. Dei hadde gjort det bra! Gåsehud fekk eg ganske tidleg, og heilt på slutten, når Isabel klypte av seg ganske mykje av håret klarte eg jammen meg å grine og. Ikkje fordi det er så trist at nokon klypper seg, men pga bakgrunnen for det. Eg skal ikkje si så mykje meir... berre eit ord; "VAKKERT"

Siste kulturinnslag for dagen var kino. Denne gongen SKULLE eg sjå "Skjult", og eg klarte det (i motsetning til førre gongen eg prøvde)! Filmen er vel ikkje den beste eg har sett, til tross for at både Kristoffer Joner og Bjarte Hjelmeland spelte i han, men no har eg i alle fall sett flimen. Vi var tre stk, kor av ei sat og prata i mobilen delar av filmen. Eg snudde meg frå min plass på rad fem, sete fem og såg stygt på ho. Ho tok ikkje hintet. Ville ikkje ta hintet. Ufint, rett og slett!

Alt i alt har desse to dagane vore fyllte med god kultur. Eg er usikker på kva eg kjem til å hugse best, men det kan nok godt tenkast at det er det i midten.

No comments: