FrP vil, i følgje denne artikelen i Vårt Land revidere ekteskapslova i sitt nye program. Enkelte, meg inkludert syns kanskje dette var litt overraskande. Eg har i alle fall fått inntrykk av at FrP vil reversere heile lova. FrP er kjend for å snu kappa etter vinden i ein del saker.
Det førre programmet sa ganske utvetydig at dei ikkje meinte at homofile skulle få adoptere. Sitat: "Alle har en klar rett til å innrette sitt samliv på den måten han/hun finner best - og bli respektert for dette. Homofile bør likevel ikke få adoptere barn - ikke fordi de er uegnet som foreldre, men av hensyn til barna. Barn bør primært få mulighet til å vokse opp med foreldre av forskjellig kjønn."
At dei no plutseleg syns adopsjonsrett for homofile er greit overraska meg likevel, uansett kor "flinke" dei er til å tilpassa seg velgjarmassa si. Tidlegare har ein jo nesten gått ut i frå at dei vil slå seg saman med KrF og love ein reversering av heile lova. Høgbråten blei difor skuffa når FrP på sitt landsmøte i helga kun vedtok å evaluere lova.
Så viser det seg at dette berre var vedtak som skulle gjere programmet deira finare å lese "- Når vi skriver evaluere så er det fordi vi ønsker kvalitet på handlingsprogrammet vårt", sa Per Sandberg på Poliske kvarter på NRK P2 i går, dette i følge Gaysir.
Det er godt å vete kvar ein har FrP!
No comments:
Post a Comment