Eg merka meg at det var dårleg reklame, og framleis var vi berre to stk. Der i sal fem på KP. Så skulle det starte, sjølvsagt med forfilm. Ein veldig lang forfilm. Då det var gått førti minutt byrja eg å fatte mistanke. Kunne det vere at eg hadde gått feil? Nei, det kunne det jo ikkje. Dette var jo sal fe....hey, vent no litt. Eg skulle i sal sju. Forfilmen, som altså var hovudfilm, blei berre dårlegare og dårlegare. Det var for seint å gå til den rette salen, og filmen kunne nok ikkje bli verre. Det kunne den. To rader bak meg kunne eg høyre han på 7 - 7 le og humre. Han hadde tydelegvis ikkje gått feil. Men det hadde altså eg. Det skal vere ein fyrste gong for alt, og dette var min fyrste (tidlegare har eg kun gått på kino

Uansett; dersom du tenkjer på å gå på kino for å sjå Coraline og den hemmelige dør, så ber eg deg: IKKJE gjer det! Finn på noko nyttigare. Besøk naboen (i morgon er det feks den internasjonale nabodagen), les ei bok du har lese femti gonger før eller sjå ein dokumentar på TvNorge. Einaste trøst var at eg sparte fem kroner. Eller tapte eg 95,-? Det vil eg helst ikkje tenkje på.
2 comments:
Torill! Coraline var jo knallbra:)
Johannes! Du likte jo Hannah Montana. dermed har du ikkje uttalerett. hmf.
Coraline var over the top. den tok jo heilt av!
Post a Comment