Saturday, June 13, 2009

Lerum - ny saft med orddelingsfeil


Eg har alltid trudd at vi som bruker nynorsk er flinkare i rettskriving (deriblant sam- og særskriving), men tok åpenbart feil. Lerum har nett byrja å promotere nye safttypar, deriblant ein med jus frå appelsin, mandarin og drue. Eller ER det verkeleg det? I følgje etiketten og nettsida er det "utvalde appelsin, mandarin og druejus". Altså (for å gjere det heilt tydeleg) safta inneheld jus frå drue. I tillegg inneheld den appelsin og mandarin. Om dette er heil frukt eller oppdelt i bitar veit eg ikkje. Dei skriv at jusen skal gje ei unik smaksoppleving, og opplevinga av å lese nettsida og på etikkettane er og heilt unik. Unik er ikkje nødvendigvis bra.

No comments: