Monday, March 07, 2011

"Visst e det vanskelige tider,

...visst e det lett å gå seg bort." syng Bjørn Eidsvåg. Bare at han syng kanskje ikkje det så ofte lenger, det er nok mest på min iPod, sånn ca kvar morgon. "skremmande nye, blanke sider
i mårå komme alt for fort" fortsett han, og då har eg kome midt ned i svingen på veg til bussen.

Men vent nå litt. Dette stemmer ikkje heilt, i alle fall ikkje linje ein, to og fire. Og heller ikkje fyrste ord i linje tre. Det einaste som stemmer er eigentleg nye, blanke sider, og eg kan godt bytte "skremmande" med "spennande". Eg vil dog ikkje bytte ut Bjørn Eidsvåg, og syns at han burde fått ein spelemannspris i år. Slik blei det ikkje.

Me har med oss i går
når me møte i dag

møkje visdom, månge sår
månge svik og nederlag

så lokk oss ikkje tebake
me kan'kje svømma mot strømmen
der i går har øvetaket
forsvinne fremtidsdrømmen

Men framtidsdraumen min startar vel eigentleg neste tysdag, når eg tenker meg om. Og då vil ikkje i går ha overtaket.

Syns du dette blogginnlegget var i overkant rart?

2 comments:

Signhild Stave Samuelsen said...

Rart? Nei, ikkje nødvendigvis. Men herlig kryptisk - yes indeed!

Torill Jørgensen Frøise said...

eg liker å vere kryptisk, det får meg liksom til å virke smartare enn eg er ;)