Monday, February 28, 2011

Oscar-night 2011 (live)

Ah...endeleg er kvelden her! Eg syns dog at NRK kunne sendt Red carpet i staden for å vise "Traffic", men det er lite å gjere med det. Eg får følgje med litt online og slik i mellomtida. Ein vakker dag skal eg vere med på showet sjølv. Eller i det minste vere utanfor. JA!



(to be continued...)

Så er vi i gang... og det heile starter med ein ganske morsom greie med alle filmane som er nominert til beste film. FIIIN bjørnekostyme, James ;)

- Acctually James I'm not nominated. It's usually: "you get naked, you get nominated!" Not anymore!

- It's been a great year for lesbians!

Fyrste pris for art direction til Alice in wonderland!
Andre pris for beste foto til Inception , og neppe den siste.

Og så er det pause, og eg kunne godt vore forutan "ekspertkommentatorane" hos NRK.

Beste kvinnlige birolle. Her håper eg på Helena Bonham Carter... spennande! Og prisen går til Melissa Leo for rolla i "The Fighter". Eg kan ikkje uttale meg om dette, sidan eg ikkje har sett filmen, men er likevel litt skuffa. Men ho er i alle fall ganske mållaus, og vinker opp til folka på galleriet.

Og NO kjem det NRK-kommentatorane annonserte i sted. Beste korte og lange animerte film. Kan ikkje si så mykje om kortfilm, men spent på langfilm! Beste kortfilm: The lost thing. Sikkert ein søt film :) Oj, anten er den eine veldig høg, eller den andre veldig kort. Kanskje ein kombinasjon? Og så langfilm. Her trur eg kanskje at eg må holde med Toy story 3. Og Oscaren går til.... Toy story 3. Yeah!

Åh, eg ville også vore på Gimle kino og sett på utdelinga.

Så fekk The Social Network prisen for beste bearbeida manus. Vel fortent! Og så prisen for beste originale manus. Kanskje The King's Speech får sin fyrste pris? Jepp! Også fortent! Han fann til slutt mikrofonen. "My father said to me, I would be a late bloomer!" David Seidler var rørt.

James er ganske lekker i drag.

Beste utenlandske film; In a better world. Grattis til våre danske brødre! Det var ganske uventa, Biutiful var vel ein stor favoritt. Men ja, gøy!

Beste mannlege birolle no. Det hadde vore gøy om Mark Ruffalo vann for rolla si i The kids are
allright. Men Oscaren går til...Christian Bale for The fighter. Då trur eg han kan barbere av seg skjegget! Jepp, tipper det var eit veddemål. Håper i alle fall det! Og Christian banner kanskje litt mykje i talen sin. Men FJERN skjegget nå! Eller skal du spele i ein wild west-film?

Men OH, skyt NRK-kommentatorene. Dei er jo så utruleg talentlause!!

Beste filmmusikk. Ny pris til The social network! Skal dette bli den store Oscar-filmen?

Beste lyd; Inception. Sikkert fortent, eg har jo enda ikkje fått sett filmen. jada, det er litt ille kanskje, men det blei aldri slik. Eg prøvde, men lykkast ikkje. Og kanskje den same filmen får ein ny pris no? Så sanneleg, det fekk den! For lydredigering.

Prisen for make-up er den neste. Dette er ein av grunnane til å sitte i kinosalen heilt til heile
rulleteksten er ferdig. Skal innrømme at eg ikkje har sett nokon av dei nominerte, men vinnaren blei ikkje uventa The Wolfman. Og så kostyme, her trur eg Alice in wonderland kan få sin andre pris. Eg har dog tatt feil før... men denne gongen gjorde eg ikkje. Pris nr to for kvelden til AiW. Ganske god uttelling så langt, eller veldig god. 100% er ikkje ille. Og vi les opp takketala frå ein lapp. Ho er ikkje så flink til å lese heller.

Eg er heilt enig med Jake, alle bør sjå fleire kortfilmar! Vinnaren er: Strangers no more, og God of love får prisen for live action short film. "I should get an hair cut!" Og vi kan finne filmane hans på iTunes. Nice! :D Han er definitivt den som pratar raskast i kveld!

Ah...eg håper på "Exit through the gift shop" i kategorien beste dokumentar! Ta ein kikk her dersom du ikkje er sikker på om du er enig med meg! ;) Men Inside job vann. Eg må vel sjå den også da, for å få litt inside info om finanskrisa.

Visuelle effekter. Harry Potter eller Alice in wonderland? Ingen faktisk, men rett og slett Inception. Det skulle eg jo ha gjetta. Ikkje ei stor overrasking! Og The social network får end
a ein pris, denne gongen for klipp.

Vi får bevist at ikkje all musikk egner seg utan for filmen den er laga til, og eg veit ikkje om eg er kjempeimponert over Gwyneth sine songferdigheter. Heilt på det jevne kan ein vel seie. I kategorien for beste song får We belong toghether frå Toy Story 3 prisen. Ein ganske typisk Randy Newman-song, og heilt fair at den vinn! Småmorsom Newman.

Småtåpelig med reporteren som er direkte inne fra Hollywood. Ho har ikkje noko interessant å fortelle, litt bortkasta om NRK betaler turen for ho. Eg håper jo heller ikkje at dei i studio frå noko særleg med løn. Det bør vere nok at dei får tv-tid, tenkjer eg!

Beste regi trur eg kjem til å gå til David Fincher for TSN, sjølv om også Cohen-gutta fortjener den. Her er eg faktisk enig med "ekspertane" i NRK, det er for kort tid sidan dei fekk pris sist gong. Men oj, Tom Hooper vann, med The king's speech! Han er tydelig rørt og takknemlig. Og overraska!

Nok ein spennande pris; beste kvinnlege skuespelar. Kan Annette Bening vinne for rolla i The kids are allright? Eg håper det! Men trur kanskje Natalie Portman vinn for si rolle i The Black Swan. Og eg hadde rett. Då blir det nok ingen prisar til The kids are allright. Ei rørt Portman takkar foreldre for livet og mogleiken. Kanskje den finaste takketala så langt.

Og så beste mannlege hovudrolle. Eg står fast på at Colin bør vinne, og trur også han gjer det. Dersom ikkje The Social Network-vinden skal fortsette å blåse. Og vinnaren er Colin Firth for The King's Speech. "I have a feeling my career just peaked!" Eg liker Colin!

Å nei. No som det var så fin steming måtte dei sette tilbake til Oslo, og så til ho som liksom er utsendt til Hollywood. Eg lurer på kor mykje alkohol HO har drukke. Det er så utruleg lite interessant å høyre på. Hurra, no takker vi for Mona! TAKK!

Og spenninga stig...straks klart for prisen for beste film. *trommevirvel* Er det nokon grunn til at The king's speech er voice-over når filmane som er nominert blir presentert? Og vinnaren er THE KING'S SPEECH. Yey! :) For ein glad gjeng!

Det har vore ei fin Oscar-natt, men kanskje ikkje den mest minneverdige. Dei avsluttar med "Somewhere over the rainbow" sunge av barn med ulike hudfarge. Nett så klisjéaktig kun Hollywood kan gjere det. Og så kjem alle vinnarane inn. Dei fleste i alle fall.

Takk for meg! Og ja.. eg veit dette var eit keisamt referat. Eg slår av tvn for å sleppe å høyre kommentarane frå NRK-folka. Nok er nok!

No comments: