Wednesday, July 07, 2010

Resultat dag 2

Stavanger er framleis fint, and here are the results from day 2. Når eg skriv dette er det rett nok dag 3, og når dette blir posta på Facebook har vi for lengst kome attende til Askøy, men det er detaljar.

Eg var litt i tvil kor eg skulle starte jakta på Sigvart, men heldigvis gjekk vi forbi St. Svithunsgate. Vi veit jo alle at Sigvart gjekk på vdg. skule på St. Svithun. I dei tre åra han gjekk der lurte han mykje på kva han skulle bli, og endte til slutt opp på lærarskulen. Det var imidlertid ikkje lærar han ville bli, så han flytta til Bergen for å studere juss og nordisk litteratur og språk. Alt dette rakk eg å tenke på medan eg såg på skiltet med "St.Svithun". Og ikkje berre dét; eg tenkte også på ein sykkel. Ein sykkel på veg mot stjernene. Og på han som i staden for å snakke om eigen suksess snakke varmt om kva livet er. Om at vi ofte strebar mot eit mål som sikkert kjem til å stå der i morgon også, og dermed gløymer å leve.

Vi gjekk vidare ned til byen, og med dette i tankane bestemte vi oss for å ta det heilt med ro. Ingen store planar, ingen ting vi måtte gjere. Etter eit nytt besøk på Sjokoladepiken (Synnøve måtte smake på isen med geitemjølk. eg klarte fint å styre meg), gjekk vi og rusla litt. Kjøpte ein kortstokk. Sette oss ute med ein øl kvar (jepp! midt på blanke formiddagen. vi er like crazy som Sigvart!) på "Bøker og børst" og spelte 500. Eg tapte med stil, men det gjorde liksom ikkje noko. Faktisk.

Målet mitt; å finne nokre CDer av Sigvart skulle eg kome til å nå på Platekompaniet. Der, under etiketten "Sigvart Dagsland" fann eg seks CDar. Med tanke på at han har gitt ut 16, var dette litt skuffande. Noko er dog betre enn ingenting. Som vanleg måtte eg hjelpe butikken litt med plasseringa av CDane. Det er trass alt Sigvart sin heimby. Han fortener å få solgt fleire CDar, og Stavanger-folket fortener å få høyre musikken hans!
Eg kjøpte sjølvsagt ingen CD, eg har jo alle frå før. Det skulle då berre mangle! Eg kjøpte derimot to DVDar med familien Gyllenhaal; "Away we go" og "Brothers". Ferieturen er liksom ikkje den same dersom eg ikkje har kjøpt meg ein dvd eller to.
På veg attende til hotellet gjekk vi forbi bussen som skulle til Stokka, der Sigvart vaks opp. Bussen var full av andre stalkere som sikkert skulle oppsøkje huset hans og kanskje få eit glimt inn vindauget på rommet hans. Sjå på leikeplassen der han leika og kanskje snakke litt med naboane om korleis han var som born. Eg går derimot ikkje så langt. Til og med EG har grenser for slik :)
Like ved hotellet såg vi ei blå ledning som var forma som eit hjarte. Den berre låg der, på fortauet for å fortelle oss noko. Kanskje ikkje heilt ein raud tråd, men eg føler at det er ein samanheng. Sigvart går som ei blå ledning gjennom ferien vår. Veit ikkje heilt om Synnøve føler det like mykje som meg. Antageleg ikkje. Og det er nok like greitt.
Vi er no godt i gong med dag 3, og skal straks pakke oss ut av hotellet og reise attende til Askøy. Eg håper eg finn litt fleire spor før vi reiser. Uansett; vi er einige om at det har vore og er ein fin tur. Ferie er i grunnen veldig fiiiint :)

No comments: