Monday, June 21, 2010

Superhelthelga er over

Som dei fleste sikkert har fått med seg, var det landsmøte i LLH i helga. Dette var mitt tredje landsmøte, 2. etter at eg flytta til Askøy. Det var eit fint landsmøte, og det nye sentralstyret har fått eit godt arbeidsprogram å jobbe med!

Kort oppsummert; dette skjedde:

Vi vedtok:
- arbeidsprogram med fokus på skule, helse og utsette grupper
- resolusjon om familieformer og asyl
- vedtektsendringer
- transpolitisk plattform
- Hiv-prinsipp

Sentralstyret består no av:
Karen Pinholt, Bård Nylund, Andreas Meeg- Bentzen, Kristin Haugsevje, Stian Amadeus Antonsen, Sofie Frøysaa og Odin Adelsten Bohman. Og eg blei valgt til valgkomiteen! (hurra!)

Vi fekk helsningstaler frå:
- homoministeren som undra seg over at det er heilt greit at ulven et bestemor, men så fort to prinsar giftar seg med kvarandre er det fullt opprør.
- likestillings- og diskrimineringsombodet som heia på dei av oss som svømmer mot straumen.
- frivillighet-Norge som meinte at LLH var av dei mest prosjektstyret organisasjonane i Noreg.
- Galck som fortalte litt om det å vere lhbt-person i Kenya.
- RSFL som fortalte om den norske tysnaden.

Og ikkje minst:
vi festa med dei gamle heltane! Og fekk høyre at vi sjølv var heltar. Det er kanskje du også? Eg trur vi alle er heltar, kvar på vår måte. Vi har kanskje aldri sloss med sverd, og vi finnast ei i heltars rekkjer. Kanskje har vi måtta lagt vekk ein draum. Ofra noko. For å vere der vi er i dag. Men eg håper det har vore og er verdt det for alle!

Dette var kanskje ei rar oppsummering, meir kan du sjå på desse nettstadene:
http://www.llh.no/
http://www.llh.no/bergen
http://www.blikk.no/
http://www.gaysir.no/

(bildet er frå lunsj dag ein, og det er av meg, Camilla og Daniel. Fotograf: Stein Wollf Frydenlund)

No comments: