Wednesday, March 10, 2010

Things to do when you're not here...

I går var eg åleine heime, og eg tenkte at eg kunne gjere nytte for meg. Vi hadde jo kjøpt to nye stolar til kjøkenet, og dei skulle vere enkle å skru saman. For dei fleste, men tydelegvis ikkje for meg. Eg er ikkje praktisk, eg klarar ikkje å gjere dei enklaste ting. Bruksanvisninga var oversiktleg og grei. Fem enkle trinn. På bilde tre var det noko med eit par piler, det var nok ikkje viktig. Derfor valgte eg å oversjå det.

Resultatet blei ikkje bra. Uansett korleis eg snudde og vendte på det så fekk eg det ikkje til å stemme. Så eg ga opp. Sikkert ein produksjonsfeil, typisk når ein skal gjere eit "godt kjøp".

Endeleg kom Synnøve heim (i mellomtida hadde eg og klart å fikse tv'n slik at den kun fungerte som ein radio), og eg fortalde om desse feilproduserte stolane. Ho skulle sjølvsagt prøve. "Jaja", tenkte eg "ho får prøve og sjå at det ikkje går." Alt i alt tok det vel ca 7 minutt før stolen var skrudd saman.

Det fine med dette er at det er lett å vete kven av oss ein skal spørje dersom det er noko praktisk som skal gjerast. Om du lurer på kva fylke ein liten tettstad ligg i eller kva som er hovudstaden på Madagaskar, kan du spørje meg! :)

(for ENDÅ fleire bilder, sjå facebook)

2 comments:

Unknown said...

Dersom eg lurer på kva fylke ein liten tettstad ligg i eller kva som er hovudstaden på Madagaskar, så kan eg berre spørje Adam. ;P

Torill Jørgensen Frøise said...

då ville eg heller spurd Ikea-Anna! :P