Monday, March 08, 2010

Oscar direkte [følg med...]

Dette blogginnlegget kjem for mange til å verke litt rotete, men det er fordi det er live og direkte. Det er sikkert ikkje så spennande å lese for andre enn... meg sjølv, men det tek eg ganske med ro. ;) Det er sjølvsagt lov å kommentere innlegget undervegs. Og i etterkant.

Mine favorittar for kvelden er fyrst og fremst Burma VJ, Inglorious Basterds, The White Ribbon og Maggie Gyllenhaal. Dette kan nok kome av at eg diverre ikkje har fått med meg så mange av filmane i år. Eg trur nok at Avatar får mange prisar, men det gjer ikkje noko om det blir så få som råd. Eg håper at Colin Firth får Oscar for beste mannlege.

På den raude løparen. Maggie Gyllenhaal tek seg alltid bra ut. Også i år. AKK! :) Penelope Cruz pratar om då ho var der fyrste gongen og ikkje kunne engelsk. Kva har endra seg? Det er ein smule usynka munnbevegelser her. Men kva gjer vel det?

Og så pratar dei litt med broder Jake. Eh...det var vel ikkje fyrste nominasjonen til Maggie? Blei ho ikkje nominert for rolla i Stranger than fiction? Hugser eg heilt feil?

Kommentatoren på nrk kunne kanskje lest seg litt opp på filmar?

Eg merker at eg ikkje er like flink som Jørn til å bedømme dei ulike kjolane.

Og då er vi i gang! Neil Patrick Harris startar showet med ein song. Så kjem Alec Baldvin og Steve Martin svevande ned på scena.

"And then, no matter what; they nominate Meryl Streep!"

"Oh, look! There is that damn Helen Mirren!" "No, it's DAME Helen Mirren!"

"I love that Precious is nominated, it's the one film that live up to the video game!"

"Did you know that the mustache Brad Pitt wore in Inglorious Basterds was the same worn by Salma Hayek in Frida?"

Stakkars George Clooney


"And if you need a transcript from tonights show you should really think of getting a life!"

OUPS!

Fyrste pris! Beste mannlege birolle.
Vinnar: Christoph Waltz for Inglorious Basterds! :) Fortent!! Ei kort, bra takketale! Kledeleg sjenert.

Straks skal det kårast beste animasjonsfilm. Eg trur "UP" vinn her. Eg har ikkje sett verken den eller "den fantastiske Mikkel Rev", men har dog sett "Coraline". Ved eit feiltak. Difor satsar eg på ein av dei to fyrstnevnte! Hehe, alligahalle :D Og vinnaren er..."UP"

- ser at Lars Vaular har inspirert den eine vinnaren i klassa beste song.

Oscar for beste manus: The Hurt Locker.

No får vi ein gjennomgang av filmar av John Hughes som døydde i august i fjor. Mange filmar frå min ungdom. Gode minne!

Vi er no inne i ein litt kjedeleg del av showet, utan dei heilt store prisane. [pause] Det verker litt som om dei sjølv vil bli raskt ferdige og, sidan dei startar musikken før takketalen er ferdig. Nesten litt uhøfleg! Det er nesten så eg håper dei har lang takketale. OJ! Han fekk ikkje si noko ein gong! jøss...

Men no. Beste adapterte manus. Eg tipper "Precious" vinn, etter alt eg har høyrt om filmen. Håper eigentleg litt på "An Education". Nok ein gong hadde eg rett ;) Og no, etter takketalen, er det beste kvinnlege birolle. Trur kanskje at same film får denne prisen og, men som før nevnt voner eg at Maggie Gyllenhaal skal vinne. Sjølv om ho kler betre langt hår. Men kva gjer ein ikkje for filmen? Og nok ein gong hadde eg rett, prisen gjekk til Monique for rolla i "Precious". Synd for Maggie! Skjønar ikkje heilt korleis dei kunne bli rørt av dette. Sikkert fordi eg er sjuk!

Hm. Der fekk "Avatar" den fyrste Oscaren. Satser på at det blir den siste! Og så får vi ei tale frå ein som skulle døy. Beklagar, eg klarer ikkje heilt å bli rørt no heller. What's the matter with me!? Det er liksom ikkje så stort at dei laga ein film om blå figurar. Fekk Smurfane nokon gong ein Oscar liksom?

Eg får veldig lyst til å dra hardt i bandet som ligg rundt halsen på Sara Jessica Parker... er DET feil av meg? Kostymeprisen var ikkje så veldig stas merker eg. Ho hadde uansett to frå før. No diskuterer studio litt kostymer og lyd. Dei har ikkje peiling på lyd. Visst nok. No kjem det i alle fall nokre prisar med lyd. Eg vil tippe "Avatar" x2, men håper ikkje! {Sound editing for dummies by Morgan Freeman} Oj, jøss. "The Hurt Locker" vann! Så bra! :) Eit tap for "Avatar" er ein siger for oss alle! Og det skjedde igjen! YEAY! Og igjen uttalar NRK-duden "Avatar" på ein litt bondsk måte. At han bruker "sterke" kvinner i filmane sine er vel ikkje pga hans personlege preferansar, då. DOH!

Men no til beste foto, og der fekk "Avatar" ein pris. Jaja, det måtte jo skje. Før eller sidan. Foreldra hans hadde fire koffertar, faktisk. Det er meir enn min familie har eigd til saman!

No skal snart Oscar for beste dokumentar delast ut. Au! Det er litt vondt når kommentatorane i nrk-studio skal diskutere djupe ting. Matt Damon deler ut prisen. Eg er nervøs. Dei bør vinne! Dei fortener å vinne! Vi treng meir søkeljos på situasjonen i Burma! Og vinnaren er....The Cove. Delfinane vann over Burmas folk. Sukk. Då må vi få verdas auger mot Burma på andre måter!

Beste utanlandske film. Her trur og håper eg at "The White Ribbon" vinn. Som eg var så heldig at eg såg under årets BIFF :) Og eg tok feil. No byrjer det å bli ein litt dårleg trend på tippinga mi. HM. Kan det vere fordi det er under to timar til eg skal dra på jobb?

No prøver Vegard Larsen å vere artig. Utan å heilt lykkast. No som beste mannlege skodespelar skal kårast gidd eg ikkje ein gong å seie kven eg heier på sidan det viser seg at eg er ein jinx. Og Oscaren går til Jeff Bridges. Det var venta, og eg trur han gjer ei god rolle. Skal nok sjå filmen!

Neste pris. Beste kvinnlege skodespelar. Her har eg vel ikkje nokon favoritt, men trur kanskje at Meryl Streep vinn. Eller kanskje ho for rolla i "Precious"? Og vinnaren er...Sandra Bullock. Så feil kan ein ta!
<

yey! Kathryn Bigelow blei beste regissør. De får orsake at kommentarane er korte no. Det skuldast at bloggen min ikkje liker så lange innlegg. Det kan nok og ha noko å gjere med at eg er litt trøytt, og skal dra på jobb om ein times tid. faktisk.

Og årets film blei The Hurt Locker. Takk for i kveld/natt/morgon! :D

2 comments:

Unknown said...

Eg vakna faktisk klokka fem i natt, slo på maskina og las blogginnlegget ditt. takk for info i natta. :)

Torill Jørgensen Frøise said...

så bra! godt å vete at nokon fekk glede av det forutanom meg! neste år blir det eit betre show, for då krever vi at Ellen leier showet + at då får Alice in wonderland ei heil rekkje priser :)