Saturday, January 02, 2010

...og det vil ingen ende ta!

Som dei fleste no har fått med seg skal vi flytte. Ein del har nok og fått med seg at vi ikkje skal flytte til huset vi har kjøpt, det ville jo vore ulikt oss! Derimot skal vi flytte til ei 20 kvadratmeter stor leilighet rett over vegen for der vi har kjøpt hus (der vi og budde sist vi skulle flytte inn i eit hus vi sjølv eigde. Det har vorte ein tradisjon!) Her skal vi bo to voksne og to kattar ei stund. Kor lenge veit vi ikkje heilt, det kjem an på kor lenge dei som bur i huset vi eig har lyst til å bu der.

Heldigvis får vi lov til å bruke vår eiga garasje, så i går byrja vi å flytte tinga våre dit. Vi har jo pakka og vore ganske klar til å flytte heile jula. Det har vore ei fin pappeske jul. Vi fekk flytta dei fleste "små tinga" i går, og i dag hadde vi mobilisert slik at vi skulle få flytte dei store tinga til garasja og. Derfor skrudde vi frå kvarandre senga og pynta stolane med svarte søppelsekkar. Vi vil jo helst at dei fleste tinga skal halde seg fine til vi skal bruke dei igjen. Det er eigentleg litt fint også, gleda ved å flytte inn i eit stort hus blir større, og tinga blir liksom heilt nye!

Men altså. Vi venta på at dei skulle kome med den store bilen. Ved eit under klarte vi å fikse vegen slik at det går an å kjøre ned utan å risikere livet. Helsa er ei anna sak, men det har gått bra så langt. Så får Synnøve ein telefon. Alarmen, som dei ikkje visste dei hadde, hadde skrudd seg på. Sidan dei ikkje visste at dei hadde den, hadde dei heller inga kode til å skru den av. Sidan den smarte bilen trudde dei var tjuvar som ville stele bilen, sette startsperra på og difor fekk dei ikkje kjørt bilen. Eg gløymde å seie at dette var den store bilen. Sjølvsagt. Den vi trengte for å få ned dei store tinga våre. Eg syns det er litt leit at bilen er så smart. For min del kunne gjerne biltjuvane køyrd bilen.

Det var dog berre å seie i frå til dei som hadde møtt opp (i kjeledress og allting) at det ikkje blei noko flytting i dag. For at dei med den store og smarte bilen skulle kome seg heim lånte dei vår bil. På vegen skulle dei sette nokre ikkje fullt så store ting inn i garasjen der vi bur. Sjølvsagt fekk dei ikkje opp garasjeporten. Eg mistenker ikkje at heile verda er i mot at vi skal flytte inn i vårt eige hus. No VEIT eg at heile verda er i mot det.

I natt kjem det sikkert til å snø i store mengder, slik at vi ikkje får kjørt ned dei store tinga då heller. Vi har fått låne bilen til naboen. Eg ville ikkje gjort det om eg var naboen min, men heldigvis er eg ikkje det. Det dei ikkje veit har dei ikkje vondt av.

Poden gler seg til å flytte. Det gjer forsåvdt vi og, og ikkje minst til mars. Sånn ca. Når det nye året startar :)

No comments: