Saturday, January 09, 2010

Eit referat frå kvardagen

I dag har kjøpt fire KOOLE grøne kjøkenstolar og eit bord (koolt men ikkje grønt) i nabolaget. Det har vi, som seg hør og bør, plassert i garasjen vår. Elles har vi vore borte hjå naboen og vaska klede, det føles meir og meir som å bu på hybel. Skilnaden var at då hadde eg vaskemaskin sjølv. Vi fekk til og med lov til å kome inn og få oss litt kaffi, og snakke med Kari. Pål ville eigentleg ikkje prate med oss, men heldigvis gløymde han seg litt innimellom. Nå er vi attende på dei 20 kvadrata. Medan vi var borte hadde Poden og Mac kjeda seg meir enn vanleg, noko som førte til mystisk rot på golvet. Liksom ei blanding av hybelkaninar og fjør. Vi har endå ikkje funne ut kvar det kom i frå, men vi skal nok finne ut av det! Spenninga er til å ta og føle på her!

Korleis har DIN dag vore så langt?

No comments: