Thursday, January 28, 2010

Gallant?


Så var Bergen Gay Galla over for i år. Litt trist, eigentleg, det burde vart mykje lenger. Særleg med tanke på kor mange timar som er lagt ned i det. Når eg tenkjer meg om er det vel slik med alt. Jepp.

Eg skal ikkje gjenta alt som står i alle aviser om vinnarar og slik. Eg skal heller konsentrere meg om meg sjølv. Og min innsats. Eg syns nok at eg ikkje gjorde så godt eg kunne, det blei mykje rot. Det kan ha noko å gjere med at det var sterkt sceneljos, samt at TV2 filma det heile. Det var likevel stort å få lov til å dele ut prisen til Trond Egill Moe, Askøypresten som pga sitt homopositive syn blei pressa til å slutte å jobbe her ute. Vi treng slike heltar!

Etter at showet var ferdig blei eg intervjua av Sirén i TV2. Stas, sjølv om eg føler at mengdene med kaffeinntak denne dagen gjorde at eg heller ikkje her fekk sagt det eg ville og burde. Satsar på at dei er flinke til å klyppe!

For bilder og slik viser eg til dagspressen samt facebook.

No comments: