Thursday, January 21, 2010

Tilstandsrapport



Som dei fleste har fått med seg har vi fått overtatt huset vårt (HURRA) og er i full gang med å flytte inn! I går hadde vi hjelp av naboar og Synnøve sine kollegaer, noko som gjorde at vi no har kome VELDIG langt på veg.

I dag skulle vi klare oss sjølv. Det endte med oversvømmelse på badet, men elles ingen store kriser. Eg fekk tent opp i ovnen og S fekk skrudd saman seng og hengt opp ei rullegardin. I tillegg fekk vi skrudd salongbord. Planen min var i utgangspunktet å sette på plass bøker, the Dewey way, men så kom eg til å kikke nedi eske nr ein med dvdar. Då var det gjort. Saknet har vore stort, og eg avgjorde at eg måtte fikse filmane fyrst. Gjett om eg var glad for at eg hadde tapa hylle for hylle med filmar!? Sidan dei må stå alfabetisk var det jo berre å ta av tapen og plassere dei i hylla. G E N I A L T! :) Isabel si skremselspropaganda om at covera kom til å bli øydelagde fungerte, men heldigvis stemte det ikkje! Alle filmane var like fine. Og no står dei i hylla. I huset vårt. AKK!

Etter dette fekk eg lyst til å sette meir i hyller. Brettspel er jo og noko vi har mykje av, så kvifor ikkje? Eg skulle eigentleg berre sette dei inn i hyllene, men så såg eg plutseleg at dei kunne settast i system! Oj... det var ei fin oppdaging. Ting i system er fin-fint. Systenet er forøvrig at det er geografi- og reisespel i fyrste hylle, kunnskapsspel i andre og spel som meir eller mindre har med flaks å gjere i tredje. Oj, no ser eg at TP har havna i flaks-hylla. Tilfeldig? (kan nevne at vi reorganiserte hyllene litt, så det er ikkje like fint og sortert no).

Eg er veldig glad for at det var IKEA-bord vi skrudde i dag, for då klarte S å forklare meg. Og 20 skruar seinare hadde vi eit ganske så koolt salongbord.

Vi gjorde eit nytt forsøk på å sette modulsofaen på ein bra måte, og kom nok ein gong fram til at vi har STOR sofa. Noko eg ikkje syns gjer noko som helst. :D

I morgon skal vi flytte inn enda meir, og kanskje kan vi sove der. Eg reiser til Ulvik på konferanse i helga, og det hadde vore litt fint å liksom bu i huset før eg reiser. Vi får sjå kva som skjer.... :)

Kanskje eg rekk bøkene i morgon. Elles har eg noko å gjere neste veke og. Det har eg jo i utgangspunktet ikkje ;D

(dersom du vil sjå større versjon av bilda er det berre å trykke på dei)

No comments: