Tuesday, February 02, 2010

Burma VJ nominert til Oscar!

Fantastisk! Filmen Burma VJ som er dokumentaren som tek oss med til Burma for å vise kva som eigentleg skjer i eit lukka regime, er nominert til Oscar i klassa "beste dokumentar". Eg kjenner at eg er litt rørt. Det er så fortent! Det er så utruleg viktig å få sett fokus på situasjonen i Burma. (eg manglar nesten ord!)

Av andre nominerte (som eg syns er fortent) kan ein nemne "The White Ribbon" i klassa for beste utenlandske film og Maggie Gyllenhaal som beste kvinnlege birolle (har kje sett filmen, men det er Maggie!). Elles innrømmer eg at eg har sett veldig få filmar, men som i fjor skal eg prøve å ta ein innspurt slik at eg får sett mest mogleg!

Sjå dei andre nominerte her.

33 dagar igjen! Følg med på Oscar.com!

No comments: