Tuesday, October 13, 2009

Heilfrelst på Sigvart Dagsland


I kveld var det lansering av Olaug Nilssen si bok "Nesten frelst av Sigvart Dagsland". Eg var så heldig at eg fekk gå dit saman med mine to Sigvart-vener; Kristoffer og Hanne. Det seier kanskje litt når eg skjønte det var Hanne eg fekk sms frå når ho spurde om eg skulle på Sigvart-hendinga(eg har ny tlf og har ikkje fått lagra alle nr enda). Kristoffer hadde eg jo alt avtala med. Vi er ei elite. Dei andre er uvitande. Vi er dei heilfrelste, i motsetnad til Nilsen som er nesten frelst. Av Sigvart Dagsland.

Forfattaren Olaug Nilssen har altså skreve ei bok om Sigvart. Om korleis ho meiner han burde vore sidan han er kristen og artist. Om kor mange prosent av platecovera hans som er kristne. Kor mange prosent av tekstane som er kristne (med og utan Erik Hillestad). Og kva ho meiner kjenneteiknar ein kristen. Og det er ikkje slike som Sigvart. Som ønskjer praktiserande (eller innhalerande som han kalla det) homofile velkomne i kyrkja. Som drikk vin og øl. Som ikkje trur på alt i Bibelen.

Sjølv kan eg ikkje heilt skjøne kva som er gale med å like basar. Krydderkake kan eg styre meg for. Sigvart fell på mange måtar utanfor det Nilssen forbind med å vere ein kristen. Det var ei fin samtale. Ei samtale om kvifor Sigvart kasta ein palmekvist på golvet i reint sinn. Ei samtale om hans ønskje om å ikkje vere kjendis. Ei samtale om Himmel og Helvete. Vi fekk høyre som sider ved Dagsland sjølv ikkje eg visste om (ja, eg veit det høyres merkeleg ut!).

Og i tillegg tre av mine favorittsongar. "Voktaren", "Alt eg såg" og "Djupe spor". Tre songar som alltid gjev meg gåsehud. Som alltid gjer at eg får ei tåre i augekroken. Jada, eg er sart og soft. Eg er veldig glad for at eg fekk med meg dette! Ein glimrande måte å tilbringe ein tysdagskveld på!

Og Kristina, Vilde Marie og Helene følg med no! Denne boka ønskjer eg meg til jul: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4460782
(Synnøve; du må gjerne minne dei på det ;) )

2 comments:

HåkonB said...

Hei, har ikke lest boken selv, men jeg har lest en annen blogg om Sigvart som jeg syntes var interessant:
http://tenktom.blogspot.com/2009/12/eidsvag-og-dagslands-kristne-tro.html

Det som særlig fanget min oppmerksomhet var den siste delen:

"Hvis jeg sier at Bibelen ikke snakker sant om hvem Jesus er, at jeg rett og slett ikke kan vite hvem Jesus er på grunnlag av Bibelen, så er det en legitim påstand. MEN: Hvis jeg deretter begynner å uttale meg skråsikkert om hva Jesus har ment eller ikke ment, har jeg vel et stort logisk problem? Faren er at Jesus blir akkurat sånn han passer meg at han er." - Tom Arne Møllerbråten.

Jeg tror det er noe sant i det siste her. Mange kristne misliker en del sider ved kristendommen, og avskriver så disse. Jeg gjør det også selv, men er det riktig av meg? Tja, usikker altså.

Torill Jørgensen Frøise said...

men kva "ER" eigentleg kristendommen? kva er essensen? eg syns det er veldig vanskeleg å gripe fatt i. syns songen "Kem e så denne mannen" beskriv det godt. kem e så denne mannen/som preke i herrens navn/kem e så denne mannen/som tar loven i egne hender/kem e så denne mannen/som fare med svada om nåde og kjærlighet

trur kanskje det til alle tider vil vere slike ting vi undrar oss over. kva vi bør tru. korleis vi bør tru. eg held fast på at det største og viktigaste er kjærleiksbodskapen. samt at ein må lese bibelen ut i frå kva tid ein lever i. ikkje at ein skal tilpasse den etter sine behov, men at ein må sjå at sjølv om Gud er uomskifteleg så er ikkje verda det.

du får si i frå om du vil låne boka, forresten.