Sunday, May 24, 2009

Tidsfordriv

I dag hadde vi litt vel mykje tid før bussen gjekk frå byen i dag etter teateret, og gjekk difor inn på Deli deluca. Noko som ofte viser seg å vere ein mindre god idé, fordi ein alltid ender opp med ting som kostar mykje utan nødvendigvis å smake godt. Så også i dag. Eg trur at dei som finn opp Jelly belly-smakane og har for mykje fritid. Eg meiner; drops med smak av popcorn med smør? Den smakar for øvrig mest smør, med ein ettersmak av popcorn. Det er nok det særaste, men mykje av det andre må og kunne seiast å vere ...spesielt. Ein like "god" ide som cherry coke og vanilla coke. Det er i slike stunder ein priser seg lukkeleg over at ein ikkje drikk Coca cola-produkt uansett. I staden gjekk eg glad og nøgd ut med Jelly belly beans og ei lita flaske "all natural sugar cane cola" til den nette pris av kr 32,-.

No comments: