Wednesday, April 08, 2009

Påska sine nye ord og uttrykk

Med ungar/ungdom i huset lærer vi oss stadig nye ord og uttrykk. I går blei vi ganske så sjokkert når Vilde Marie trua med å "ta oss på kjappen". Korleis ho ville gjere det er vi litt usikre på.

Mange av dykk kjenner sikkert spelet "Alias". Eg var så heldig å få dette til bursdagen min av Inger Marie. I dag skulle vi teste det ut, og Kristina og Synnøve var på lag. Det gjekk bra, Kristina hadde fått med seg både ordet "fot" og ordet "noter", vanskane kom då det skulle settast saman. Til eit eintalsord*. Etter at ho hadde sagt "fotnoter" fem gonger, og Synnøve nok ein gong sa "EINTAL" kom ho endeleg fram til det;
FOTNØTTER!

Då trua VM med å ta henne på kjappen. Og alle var einige om at det hadde vore ein spennande omgong "Alias".

(På bildet er Vilde ute for å plukka fotnøtter frå fotnøtt-treet.)

* VM kom tidlegare i spelet fram til at det motsatte av eintal var total.

No comments: