Saturday, January 31, 2009

Om meiningsmålinger

Som dei mest oppvakte av dykk har sett, har eg no laga ein poll om kva parti de ville stemme dersom det var val i morgon. Hittil ser det ut som om det er flest SVarar som har stemt. AP kjem like bak, medan Sp og Venstre deler den siste plassen.

Når vi fyrst er inne på meiningsmålinger kan eg óg nemne at Venstre har ein slik på si side, der dei faktisk let DEG avgjere om dei skal seie ja eller nei til EU. Ønskjer DU å vere med å påverke? Klikk deg inn på Venstre sine websider og stem!

2 comments:

Unknown said...

Eg ville nok heller sagt at Venstre og Sp delte tredjeplassen, eller nest sisteplass. Sidan det er alle 0-partia som ligg på sisteplass. (fnis)

Torill Jørgensen Frøise said...

det er sant. eg ser at eg har med meg mange SV-folk her, og det er jo fint. lurer litt på kvar senterpartistane er...