Saturday, January 31, 2009

Google har vorte overbeskyttande!


I dag fekk eg følgande beskjed frå Sine: "hva i huleste har google.no begynt med? søk på noe på google, og prøv å gå inn på en link." Eg gjorde det, og det som møtte meg der gjorde meg litt sjokkert. Kva er poenget liksom? Er det nokon som har leika litt mykje med eit eller anna filter. Eg søkte på "Sine Halvorsen", og sist eg sjekka var ho ikkje så veldig skadeleg.

Det er fint at google vil tilby rådgivning, eller psykologisk krisehjelp fordi vi blir frustrerte fordi linkane ikkje fungerer. Eg trur at dei kjem til å få mange henvendingar dersom dei ikkje får fjerna filteret. Jepp!

No comments: