Tuesday, December 02, 2008

Verdens Aidsdag 2008


Så var det over. Fleire månaders jobbing kuliminerte i ein fantastisk ettermiddag/kveld i Bergen sentrum. Til og med veret var med oss. Det var rett nok litt kaldt, men det var ikkje vind og ikkje nedbør. Det starta litt roleg, vi var ganske åleine på Festplassen. Etter kvart kom det imidlertid ein del folk, til og med Kristina som hadde droppa drill for å få med seg dette! :) Det var flotte appellar, med gode bodskap.

Fakkeltoget gjekk via Torgalmenningen til Korskyrkja. Vi var sjølvsagt for tidleg ute, men vi fekk lov til å sitte på Kafe Magdalena i mellomtida. Det var godt å varme seg litt før Solidaritetsgudstenesta tok til.

Eg kan tenkje meg at det var ca 60 personar i kyrkja. May-Irene frå Kirkens Bymisjon fortalde først litt om kva som skulle skje. Så byrja Sigvart å synge. Først "Rom i huset". Fantastisk, eg fekk gåsehud. Som vanleg. Av alle songane. "Håpstango" som vi alle deretter song var veldig fin, og eg er glad det var tre vers. På den måten klarte eg å lære meg den før den var slutt.Skal ikkje gjengi heile gudstenesta her, men kan berre seie at det var ei fin oppleving. Ljostenninga gjorde inntrykk! Sigvart var strålande! Walter si forteljing om det å vere Hiv-positiv var sterk! Heile opplegget var berre heilt perfekt for kvelden!

Etter på fekk eg faktisk helse på Sigvart, og takke han for ei fin oppleving. For at han hadde stilt opp for oss. Og han takka faktisk meg. MEG! Akk!

Heilt tilslutt gjekk vi saman med Stian og Chris og åt økologiske pannekaker. Dagen var perfekt. Takk til ALLE som stilte opp og gjorde denne dagen så fin. No må det ikkje gå eit år til neste gong vi pratar om hiv/aids! Vi må få det opp i dagsljoset.

Vi må ta ansvar!

Dersom du vil sjå bilete frå kvelden kan du trykke her.

No comments: