Thursday, December 04, 2008

Frelsesarmeens nye klede

Ein del av oss hugsar sikkert Frelsesarmésoldaten som ikkje fekk vere soldat meir fordi han var homofil. Frelsesarmeen sjøl seier om dette at dei har fleire homofile som jobbar for dei, men at dei ikkje kan bere uniform. Dette fordi ein ved å bere uniform "anerkjenner ekteskapet mellom kvinne og mann som den rette ramma for seksuelt samliv". Heldigvis var det den gongen folk som gjekk ut mot Armeen, blant andre Sigvart.

Nok ein gong er Frelsesarmeen i hardt ver, og nok ein gong dreier det seg om klede. Denne gongen var det Freetex som nekta å låne ut klede til innspelinga av "Mannen som elsket Yngve". Det kan verke som motviljen mot homofili stikk lengre enn til deira eigen uniform. 

Heldigvis finns det mange andre flotte kristne organisasjonar som er opne og inkluderande. Det finns menneske som klarar å tolke bibelen ut i frå kva tid vi lever i, nett som Sigvart prata om i Korskyrkja måndag. 

For størst av alt er kjærleiken! 


4 comments:

Anonymous said...

det er nesten som eg kjenner at eg driv med lovbrot kvar gong eg handlar på fretex ;) jolakalendaren fungerar slik at mariell gjev oss ei oppgåve kvar dag (sjekk lenkja). eg likar å sjå kva dei andre har funne på!

Torill Jørgensen Frøise said...

handlar du verkeleg der? du bør ikkje fortelje at du tenderar til å forelska deg i dei av same kjønn, då kan det hende du må betale meir! eg boikottar dei. eg og Sigvart. brukte klede kjøper eg ikkje uansett, liksom (ja, eg er litt fin på det. og sart.)

Anonymous said...

nesten alt eg har av klede er kjøpt brukt, eller arva av eit syskjenbarn. eg skreiv forresten om fretex på bloggen òg, om du såg det. eg er dobbelt diskriminert...

Torill Jørgensen Frøise said...

for all del; det er veldig fint og ressurssparande å kjøpe brukte klede. veldig bra! og det finns kanskje ikkje UFF-butikkar i Bergen?

ja, du er tydelegvis dobbelt diskriminert. det skal ikkje vere så enkelt!