Monday, December 01, 2008

Ta ansvar - vis leiarskap!



Så er dagen her. 1. desember. For mange er det sikkert ein dag ein opnar fyrste luka i kalenderen, og byrjar nedtellinga til jul. Som dei fleste som har lese bloggen min eller vore inne på Facebook-sida mi i det siste veit, er det og ein annan ting som skjer på denne dagen. I dag markerar vi for 20. gong Verdas aidsdag. 

Vi markerer dagen for å kunne setje søkjeljos på hiv og Aids. Det er framleis mange mytar om aids. FAFO-rapporten "Fremdeles farlig å kysse" fortel at det framleis er mange mytar rundt Hiv og Aids. Det er mange vrangforestillingar både om korleis ein blir smitta og korleis det er  å leve med hiv og aids. Verdas aidsdag bør vere ein fin arena til å knuse nokre av mytane og fordommane som vi alle har.

Program for Verdas aidsdag i Bergen: 
16:00 Stand på Festplassen
18:10 Appeller
19:10 Fakkeltog
19:30 Solidaritetsmarkering i Korskirken med blant andre Sigvart Dagsland


Eg er veldig spent, og voner det kjem MANGE. Uansett kjem det nok til å kome ei oppsummering her med bilder. For dei som vil lese endå meir viser eg til denne bloggen.

No comments: