Thursday, November 06, 2008

Sigvart - ein mann for dei spesielt interesserte? (eg TVILAR!)

I dag har eg fått høyre at sidan eg syns Sigvart er fin så er eg så lesbisk som ein kan bli. Tyder dette at heterofile kvinner ikkje synes Sigvart er kjekk? Då eg spurde om dette fekk eg til svar: "Å, ikke så mange tror jeg, men det finnes sikkert kretser han er poppis i. Blinde og døve kristne ungdom for eksempel!" 

Eg voner nokon føler seg kalla til å
 svare på dette, for no blei eg litt sjokkert! Menn må og gjerne svare, uansett legning. 
I tilfelle nokon av mine lesarar treng ei lita påminning om kven Sigvart er, har eg tatt med nokre bilete av han. Fyrst eit av han og hans kjære
Karoline. Og ja, Karoline er hetero, og ikkje er ho døv eller blind heller. Bilete nr to er det legendariske coveret frå plata "Joker" og til slutt ...berre Sigvart. 

Enjoy! :)


15 comments:

Anonymous said...

eg har vakse opp med dagsland, og foreldra mine er korkje blinde, døve, kristne eller lesbiske. slå den! mor mi freista å få meg med på konsert, men eg har tyvärr ikkje tid, og so innebar det at ho måtte reisa ned til bergen og heim tre gonger på fire dagar. so me får vona han kjem til voss ein dag òg.

elles vonar eg nedtrappinga på hårprodukt går greit. no er det ikkje slik at eg ikkje nyttar slikt eg heller då, enno eg aldri har vore hard på voksen (aldri fått til voks, kanskje eg inst inne er bitter) men eg tykte innlegget til han guten var så herleg dramatisk. dette har han kjent på kroppen!

Anonymous said...

synd du ikkje har tid, for det ER trass alt 18 år sidan han song i Johanneskyrkja sist gong. tenk om det blir like lenge til neste gong! (TØR ikkje å tenke for mykje på det)

eg syns du skal invitere med deg mor di på Sigvart-konserten den 1. desember. Det er neppe vanskeleg å få Sigvart til å reise til Voss, han er ganske enkel å ha med å gjere. Faktisk.

eg lurer på ein ting. når du seier at du har vakse opp med dagsland; tyder det at du faktisk LIKER musikken hans og?

nedtrappinga går fint, litt abstinensar har ein jo sjølvsagt. då er det godt å ha høyreklokkene og høyre Sigvart synge "Stans"

Hallvard said...

eg har ikkje store sansen for Sigvart. Svært lite sansen, berre for å understreke det. Eg brukar briller, har nedsatt luktesans, er hetro, store øyrer og passe ego.

Eg trur dei som likar Sigvart har mindre øyrer enn meg.

Torill Jørgensen Frøise said...

hallvard: du som brukar briller, har du prøvd ein blindtest med Sigvart? Kanskje det faktum at du har store øyro gjer at du høyrer for mykje? Det blir liksom for sterkt?

KatrinElida said...

Seriøst!!! Her var vi en deilig mann som synger bra tekster på norsk og så skal man liksom føle seg ukul fordi man liker ham?? Skjerpe seg... Vel er jeg nærsynt, men med linser er jeg helt fint. Jeg øsnker av og til at jeg blir bifil - *gråt* - ikke minn meg på min mislykkede legningsutvikling.......

Unknown said...

I dag speler HErborg Kråkevik på Logen. Eg er ikkje der.

Og kanskje ein BLIR lesbisk av for mykje Dagsland?
skulle helse frå ida: "Sei at eg faktisk like musikken òg då. Men eg kankje namne på nåken av songane. Da e sånn intravenøst" (også.. lesbisk.)
Uansett.
Ein dag skal vi ha Kråkevik/Dagsland-konkurranse.

Torill Jørgensen Frøise said...

Elida: hm...dersom du ser innlegget under kan det kanskje vere løysinga for deg! Høyr mykje på Sigvart, eg skal sørge for at du har nok! Elles kan vi sjå lesbiske filmar og seriar når du kjem hit. LURT!

Isabel: Hm, ja du seier noko der. Men oj, du lurte meg nesten opp i ei felle. Eg kunne jo vorte hetero for Sigvart!

Ida: skjønar. rett-i-kroppen-musikk, liksom? eg brenn gjerne cdar, alt for å få ut kultur til folket. det er berre å seie i frå.

Den quizen er eg med på når som helst! Berre sei i frå! Hm...det er faktisk eit godt tips til dei som lagar brettspel. Sigvart TP, liksom. :D

Unknown said...

Har eg forresten sagt at eg tok fly med kona til Dagsland? Joda. Og då tenkte eg "jaja, detter eg ned no, så blir det i alle fall skrive om, sidan ho er kjent."

Torill Jørgensen Frøise said...

OJ. Gjorde du? Karoline er jo også fin. Ho er ei av dei som har blitt finare i det siste! :)

Anonymous said...

Jeg har pittesmå ører som ikke fungerer noe særlig, pitteliten nese som heller ikke fungerer noe særlig, men derimot perfekt syn. Jeg liker menn. Jeg er ikke så veldig kresen egentlig. Ville ikke tatt i'n med illtang engang. De pittesmå ørene mine krøller seg sammen når jeg må høre på'n, det samme gjør nesa. Men han er sikkert trivelig altså.

Torill Jørgensen Frøise said...

IMS: oj. såpass. HAR du så små øyrer? Det skal eg sjekke neste gong vi møtes! Du må verkeleg ha hatt ein vond kveld den gongen du var med på konsert. Nesten så eg burde be om unnskuldning, men eg gjer det ikkje. Kan ikkje hugse at eg trua, nemleg!

Anonymous said...

hadde en kjempefin kveld med deg jeg. har jeg uansett hva slags støy det er rundt meg :)

Torill Jørgensen Frøise said...

Nååh! :) Takk det samme! Saman med deg kan eg til og med høyre... korpsmusikk! (anar ikkje kvifor vi skulle gjere det, men ...)

Anonymous said...

sikkert fordi jeg digger korpsmusikk - kan masjere dagen lang! ligger nok i blodet etter mange år med klarinetten :)

Torill Jørgensen Frøise said...

så med andre ord blir det korpsmusikk på ls? Yeah!!