Sunday, November 09, 2008

Sigvart in consert

Før konserten sat eg og Kristoffer og prata om kva songar vi håpa Sigvart skulle synge, tidlegare konsertopplevingar og generelt alt Sigvartnerdar kan finne på å snakke om. Vi var ganske flinke til å tippe kva songar han kom til å synge, faktisk så bra at vi lurer på om vi var avlyttar. Når han byrja å snakke om godteposen til dottera si var vi heilt sikre. 

Korleis skal eg fortelje om sjølve konserten? Kan eg fortelje om konserten? Nei, det verkar ikkje slik. Eg har prøvd no i ca ein halv time utan å få det heilt til. Så kanskje eg må vente litt. Er vel egentlig litt trist akkurat no fordi konserten er slutt. Det er godt å vete at det er under ein månad til neste gong eg får høyre og sjå (og helse på) Sigvart! 

I staden for å fortelje om songane han song, kan eg fortelje om hans fine tankar om dette med å vere kyrkjekritikar. Og om at han ønskjer ei meir open og inkluderande kyrkje. Akkurat der følte eg at han prata til meg. Og alle andre som kanskje ikkje alltid føler seg velkomen i kyrkja med heile seg. Det var fint. Veldig fint! 

Nokre lurer kanskje på kor mange gonger eg måtte tørke ei tåre eller to, og til dykk kan eg seie at det var vel fire gonger, og flest gonger når han song "Alt eg såg". Eg blei over gjennomsnittet rørt av "Djupe spor" óg. 

Det var ein fin konsert. Ein fin kveld! 

No comments: