Friday, October 17, 2008

She's a Boy I Knew

Morgonfilm er fint, det blir liksom så fin start på dagen. For min del kunne det gjerne ha vore endå tidlegare! Eg skal ikkje røpe for mykje i tilfelle nokon skal sjå filmen i ettermiddag. Det eg kan fortelje er at eg hadde både gåsehud, klump i halsen, tårer i augo og vondt i magen. Samstundes var det ein del situasjonen som gjorde at latteren sat laust. Har du ikkje vurdert å sjå filmen men tilfeldigvis er i Bergen i dag så bør du verkeleg vurdere det! Mest sannsynleg blir dette einaste mogleik (med unntak av kanskje Skeive filmar?).

Les om filmen her.

Før filmen åt eg frukost på Godt brød saman med Gatas Parlament. Stas :D


No comments: