Sunday, October 19, 2008

Den store BIFF-dagen

Eg hadde store forventningar då eg sette meg på bussen til byen i dag. Ikkje berre skulle eg sjå tre filmar på BIFF, eg skulle og få med meg delar av opninga av Internasjonal veke i Bergen. Trudde eg. I programmet stod det at dei skulle starte kl 11, men då klokka var 10 på 12 hadde dei framleis ikkje starta, og då MÅTTE eg skunde meg til kinoen for å rekke den fyrste filmen. 

The US vs John Lennon var ein utruleg bra film! Ikkje berre fordi Lennon var ein fantastisk mann, men og fordi den viste så godt kor ekstreme USA var den gongen med Nixon. Korleis kan dei seie at ein mann som ønskjer fred er ein trussel? Nok ein gong måtte eg felle nokre tårer. Då Lennon døde. Ikkje at eg ikkje visste at han blei drept, men ... ja, det er trist! 

La den rette komme inn var veldig annleis enn eg hadde tenkt meg. Likar filmar som overraskar. Sidan denne filmen straks kjem på kino skal eg ikkje røpe noko som helst her. 

David Lynch - One Night Stand ... kva kan eg seie? Crap beskriv vel godt kva eg meiner om denne dokumentaren. Eg likar filmane til Lynch, og eg elska "Twin peaks" då den gjekk på NRK for mange, mange år sidan, men denne dokumentaren var verkeleg ikkje noko for meg! Intervju med menneske med ein trist skjebne, eg sat med tanken "eg kunne ikkje brydd meg mindre!". Skjønte ikkje heilt kvifor dei blei intervjua. "Javel, du hadde ein elendig barndom, eller du har vorte mishandla av mannen din, men kven er du, og kvifor skal eg sitte å høyre på dette?" Del to av filmen var minst like lite interessant. Vi fekk vere med på regisseringa av ein film, men det meste av tida gjekk til å vise Lynch som pusla med småting. Og dei toppa dokumentaren med å vise Lynch lage middag.  No har eg sikkert øydelagt for dei som eventuelt skal sjå filmen, men eg føler vel at eg har gjort ei god gjerning. Finn noko anna å bruke 85 minutt på dersom du ikkje er blodfan og gjerne vil vete ALT om Lynch.

Mellom filmane rusla eg rundt i striregnet, spiste ein merkeleg calzone, drakk kaffe mocca på Kafe Opera, såg litt i butikkar og kjøpte ingen DVDar. 

Det var ein god BIFF-dag, trass skuffande Lynch-dok. 

No comments: