Friday, October 17, 2008

Genial festival - så langt!

Då var film nr ein ferdig. "Burn after reading" var ikkje mindre enn glimrande. Best av alle var nok Brad Pitt, i ei noko uvanleg rolle. Skal ikkje røpe for mykje av sjølve filmen, men kan berre seie at alle bør sjå denne filmen når den kjem på kino! 

Så eit lite hjartesukk til alle som går på filmfestival. Kom i tide! Filmen startar på tidspunktet det står på billetten, det er ikkje reklame på filmfestivalar! Sidan det er free seating er ein idé å koma i god tid dersom de er mange som går saman. Det går fint an å sitte 5-10 minutt å vente på at filmen skal starte! 

No gler eg meg til neste film, dette blir ein fin festival! Ein genial! 

No comments: