Saturday, August 09, 2008

Rettferdig cola på PCen?


Eg har, som nokre har fått med seg, kjøpt meg ein Acer Aspire One. Det er eit lite vidunder av ein PC. Enkelte vil hevde at den er litt liten, at Linux (eller Linpus) er noko tull og slik. Desse argumenta kjøper eg ikkje. Eg har allereide vorte glad i den lille blå saken. Driv no og testar ut diverse ting på den, og fekk tips om at det kunne vore lurt å bruke Ubuntu. "Hm?" tenkte eg. "Ubuntu er då fairtrade-colaen som dei blant anna sel i SiB sine kantiner." Aldri før har eg høyrd at sukkerhaldige drikker er bra for PCar. Etter å ha googla litt fann eg imidlertid ut at Ubuntu også er eit Linuxbasert operativsystem, som visst skal gjere vidunderet endå betre. Så kanskje eg skal teste det ut. Dersom DU har peiling på dette er det fint om du gjer meg ei attendemelding. Du kan sjølsagt òg seie kva du synes om Ubuntu colaen.

Likskapen mellom Ubuntu cola og Ubuntu operativsystem er sjølsagt at det er rettferdig. Ved å kjøpe Ubuntu cola støttar du utviklingsprosjekt i Malawi. Ved å bruke Ubuntu (eller andre Linuxbaserte) os støttar du ikkje Microsoft. Det i seg sjøl er rettferdig nok. Dessutan er det gratis, noko som er rettferdig for oss sluttbrukarane!

Les meir om Ubuntu cola
Les meir om Ubuntu OS

2 comments:

Unknown said...

..og eg har fått t-skjorte med fairtrademerke på. kool?

Torill Jørgensen Frøise said...

Veldig koolt! Kvar har du fått den i frå?