Monday, August 25, 2008

Ei litt annleis filmoppleving


Sidan Synnøve skulle på møte etter jobb i dag benytta eg meg av mogleiken til å gå på kino. Eg hadde for lenge sidan bestemd meg for at eg skulle sjå den thailandske filmen "Ploy", og no når den endeleg hadde kome til Bergen måtte eg gripa sjansen. Eg likar asiatisk film, og såg fram til dette. Som eg hadde trudd kom det ikkje mange til forestillinga, til tross for at det var i beste kinotid og det var dårleg ver ute. Folk er gjerne litt redde for film som er utanfor mainstreamen, spesielt når det er noko så spesielt som thailandsk.


Så der sat eg då. På rad 4, plass 4. Åleine. Like før filmen starta kom det ein besøkande til, ho sette seg på rad 3, plass 7. Akkurat dét var jo litt sært. Så tok ho fram yougurten, og eg begynte å ane at dette var ei dame som KUN gjekk og såg filmar som få eller ingen andre vil sjå. Nettopp for å få ete yougurten sin åleine. Det var nok litt nedtur at eg var der.

Etter reklame og trailere for blant anna ein norsk film, deUSYNLIGE, som faktisk såg ut som ein film eg kan tenke meg å sjå, starta filmen. Eg likte starten på flmen. Skal ikkje seie så mykje om handlinga, for det bør dei som er interessert gå og sjå sjøl! Vanskeleg å sette den i ein bestemt genre, men det er kanskje ikkje ein film eg ville sett saman med nokon dersom du er av same kaliber som yougurt-dama. Under den fyrste sexscena fekk ho tydelegvis nok og pakka sekken sin og gjekk. Stakkars sarte menneske. Det er ein grunn til at eg ikkje et yougurt!


Det var ein litt overraskande slutt. Men bra og på ein måte. Eg tenkte fyrst at eg ikkje ville anbefale den til nokon, men etter å ha tenkt meg om har eg ombestemt meg. Gå og sjå den før den blir tatt av!!


Om det gjer meirsmak anbefalar eg Film fra sør
Og vi gler oss sjølsagt alle til BIFF

No comments: