Thursday, November 16, 2006

Senterrørsla - noko for seg sjølv

Dei to siste dagane har gått med til Senterrørsle-ting. I går hadde vi det lenge etterlengta årsmøtet i Nettverket for lesbiske og homofile i Senterrørsla, og i dag fylkesstyremøte i Oslo SP. Eg tek det fyrste fyrst, for ein gongs skuld.

Sidan vi ikkje er ein formel del av SP har vi ikkje vedtekter og andre korrumperande ting (som pengar på bok). Ledertroikaen, som inntil i går bestod av meg og Alexander, fungerte difor som valkomite, ordstyrarar, protokollførar og arrangementskomité. Møtet kan du lesa om her.

Valkomitéjobbinga var hard. Kva SKULLE ein gjort utan Gaysir og sms?! Endeleg kom tida for presentasjon av dei innstilte, og vi skulle visa det på projektor.





















...og slik var det når vi mangla PC og projektor - The Power of pointing (eller noko slik. Eg hadde eit kult slagord i hovudet i natt, men gløymde det)

Om dagens møte kan eg berre si ein ting, og det må seiast på bokmål:

SLAMSUGER ev. SLAM SUGER (Takk til Helene for inspirasjon!)

No comments: