Showing posts with label heterofil. Show all posts
Showing posts with label heterofil. Show all posts

Thursday, September 18, 2008

Eg er ikkje homo!!

Det er ikkje lett 
å fanga laks - 
ei sumarnatt 
i ørkenen.

Men det er sanneleg ikkje lett å vere homo heller. Dei siste tre dagane har eg lata som om eg var hetero i møte med tre ulike yrkesgrupper. Hjå frisøren, til ein kundebehandlar i Netcom og til taxisjåføren. Antageleg har ingen av dei tre problemer med at eg lever saman med ei anna kvinne. 

Kvifor er det då så vanskeleg å seie "nei, det er ikkje ein mann, det er ei kvinne!" når ein i ein eller annan samanheng blir konfrontert? Rett og slett fordi dei ikkje tenkjer over at det er eit alternativ. Du er heterofil til det motsette er besvist! Ein orkar liksom berre ikkje å kome ut av skapet i ein kvar samanheng. Det er ikkje så viktig for frisøren, kundebehandlaren eller taxisjåføren å vete kven eg lever mitt liv med. 

Men kanskje er det viktig for nokon andre at dei veit det? Kanskje ville det vore lettare for ein homofil som var i skapet dersom frisøren hadde spurt på ein annan måte. Dersom kundebehandlaren ikkje automatisk hadde tenkt "han" når eg sa "sambuaren min" eller dersom eg ikkje hadde lete vere å seie at eg skulle på eit møte i kraft av at eg er medlem i LLH. Det er litt ironisk at vi nett på dette møtet skulle diskutere dette med fordommar mot homofile på arbeidsplassen. Kvifor er det slik at 40% ikkje fortel at dei er homofile? 40% - det er nær halvparten av oss! Er det vår eigen frykt for kva sjefen og kollegene ville sagt? Er det tankane om at alle automatisk tenker på kva vi gjer på soverommet når dei høyrer at vi er homo? Eg veit ikkje. 

Kva trur du? 

Monday, September 15, 2008

Det er håp for meg!

I dag stakk eg innom ein frisør, slik heilt på sparket.  Det er aldri lurt. Ikkje at eg nokon sinne har vorte nøgd med hårklyppen, men det å ta ting på sparket er ein dårleg idé. "Initiative comes to thems that wait" er eit godt ordtak (dersom du veit kva film det er i frå får du ei stjerne i boka)! Trur nokon burde laga ei håndbok for det å gå til frisøren. 

Men altså. Eg stakk innom ein frisørsalong. På vegen liksom. Eg lærte at sidan eg ikkje har mann så er eg singel. Heldigvis er det endå håp for meg! Eg kjem til å finna meg ein mann dersom eg berre er tålmodig! HELDIGVIS! 

Dessutan er det visst nok ofte storm i Nordfjordeid, og veret der er mykje verre enn her i Bergen. 

Sjølve frisyren treng vi ikkje å snakke om. Elles takk! :)