Showing posts with label globus. Show all posts
Showing posts with label globus. Show all posts

Friday, March 20, 2009

Ei ubehageleg sanning

I natt då eg skulle sløkkje ljoset for natta fekk eg meg ei ubehageleg overrasking. På golvet, under vindauget, låg ein av globusane mine. Delt i to og delt på midten på det amerikanske kontinentet. Eg vart sjølvsagt svært opprørt, dette var dramatisk! Ikkje fordi globusen - som er ein ting - hadde vorte øydelagt, men pga symbolikken i dette. Det er på tide å vakne opp og sjå sanninga i augene. Smell the grass, så og seie, før det er for seint!

"Kva hadde skjedd med globusen, korleis kunne det skje?" tenkjer du sikkert no. Syndaren, eller kanskje eg skulle kalle kan oppvekkjaren er Mac. Som katteeigarar flest har eg stor tru på katten min sine overmenneskelege eigenskapar. Han ville fortelje oss noko, og som menneske flest er vi ikkje så kjappe. Difor var denne symbolikken einaste måten han kunne få fortald oss om klimakrisa. På bildet ser han kanskje litt flau ut, men kva kunne han gjere? Han lurer sikkert på om han må gå til angrep på dei tre andre globusane, Verdskartet og Noregskartet óg.

Eg vil eigentleg takke Mac for at han vekkjer meg iblant, vi treng fleire slike! Og nei, Synnøve, det var IKKJE eit hint om at vi treng fleire kattar... (med mindre det er ein slik søt som held seg søt heile livet!)

Anbefalte songar:
For vår jord - Karoline Krüger
I Need to Wake up - Melissa Etheridge
Så lenge eg har deg - Sigvart Dagsland
Anbefalt filmar:
An Inconvenient Truth

Tuesday, September 02, 2008

MacPus

Som enkelte kanskje har fått med seg har vi fått oss katt. Som eit kompromiss fekk eg anskaffe meg en Mac, denne fantastiske oppfinninga av ei datamaskin. Acer Aspire One måtte altså vike plassen. Men attende til katten, som heiter Mac. Tilfeldig? Neppe. Mac deler ein del interesser med meg. Han likar å høyre musikk og er opptatt av geografi. Etterkvart v. skal han nok og bli glad i å sjå litt rare (men fine) filmar og spele brettspel! Dessutan deler han Synnøves interesse for å sjå tv.