(eller Hedda Babler, som Horton faktisk trudde stykket heitte) var fint. eg hadde nesten gløymt at eg hadde sett det før, den gongen i dansk drakt og ektemannen Tesman hadde vorte til sambueren Tessa, ei kvinne som arbeide så mykje at ho ikkje hadde tid til sin eigen seksualitet. Thea hadde skifta kjønn og vorte Teo, en "kvinneleg mann", sjølutslettande og martyraktig. Den gong var det på dansk, og eg trur eg brukte ei stund på å liksom kome inn i det.
Denne gongen var det på norsk. Hedda var i eit heterofilt forhold, og Thea var kvinne. Eg skal ikkje seie så mykje om stykket, men det var fint. Veldig fint! Diverre var det ikkje så mange andre som hadde funne vegen til teateret, så vi slapp å sitte på galleriet. Synd for DNS, flaks for oss.
Er du i Bergen? Gå på teater, sjå stykket! Du kjem ikkje til å angre!
Showing posts with label DNS. Show all posts
Showing posts with label DNS. Show all posts
Friday, January 30, 2009
Wednesday, January 14, 2009
Begeistra!
Nett heimkomen frå teater og framleis veldig begeistra. Eg har nemleg vore på DNS og sett og høyrd foredraget "Kjønnsbegeistring" av og med Elsa Almås og Esben Esther Pirelli Benestad. Då eg voner at nokre av mine lesarar skal gå og sjå stykket sjøl skal eg ikkje avsløre så mykje, men kan seie at det var eit særs godt foredrag som var engasjerande, lærerikt, bekreftande og rørande. Trur kanskje det kun er desse to som klarer å halde eit slik foredrag som evnar å gi publikum noko meir enn tørre fakta. I den grad ein kan gi fakta om temaet.
Det blir ikkje siste gong eg besøker DNS denne vinteren/våren. Eg ser fram til mange fleire besøk! Og eg er sikker på at eg blir like begeistra då!
I morgon derimot skal eg på Bergen Gay Galla der eg faktisk sjølv er nominert til ein pris. Eg syns eg kan nemna det no, sidan det óg er noko å vere begeistra over. Den store draumen er at Sigvart Dagsland vinn prisen og at vi saman kan gi eit portrettintervju og posere i alle landets aviser. Eventuelt på framsida av Skråskrift.

Etikettar:
DNS,
LHBT,
LLH,
Sigvart Dagsland,
Teater
Subscribe to:
Posts (Atom)