Sunday, March 03, 2013

Eit kapittel i livet er snart slutt.

Eg har kun to veker att i jobben min i LLH Bergen og Hordaland. Tida som tilsett i LLH har vore lærerik, spennande, utfordrande og givande. Det har vore mange sterke møte med menneske. Menneske som har hatt det vanskeleg, som ikkje har våga å vere den dei var. Eller som ikkje kunne vise sin kjærleik pga fordømming av andre, eller forventning om fordømming. Det gjer godt når eg har sett at menneske har kome ut av skåpet, ut av skallet. At nokon har funne eit miljø, ein stad å gå der h*n kunne vere den h*n verkeleg var.

Iblant har eg følt at eg ikkje strakk til. Når menneske i desperate situasjonar kjem innom, og eg ikkje har nok gode råd å gje dei. Det har vore tider eg har lurt på kva som har skjedd, kvifor høyrde eg ikkje meir frå vedkommande? Var ikkje dei råda eg gav gode nok, var ikkje svara nok? Desse to åra har vist at det er behov for ein stad lhbt-personar kan kome for å snakke. Ein telefon ein kan ringe til for å høyre at det finnast andre der ute. Andre som er i same situasjon. Som gjev eit håp om at ein kan finne tilhøyre. Finne kjærleik.

Eg kjem ikkje til å slutte å vere engasjert i saka. Framleis vil eg følge med på nyhende frå Noreg og resten av Verda om situasjonen til våre skeive søstre og brødre. Framleis vil eg brenne for saka. Heldigvis har eg eit verv, i Åpen kirkegruppe Bergen. Ein stad eg kan møte mine likesinna, andre kristne skeive. Ein stad eg kan vere heil og ikkje skjule noko.

Skulle gjerne takka kvar enkeltperson som har inspirert meg. Som har lært meg nye ting. Som har gjort at eg har vorte enda meir engasjert. Og det gjer eg herved: TAKK! Voner alle tek det til seg!


No comments: