Monday, December 31, 2012

Året 2012 - i følge bloggen

Eg skal no oppsummere 2012, dersom ein tek utgangspunkt i at alt som skjer blir skreve i bloggen min. Dette er ei sanning med modifikasjonar, men la oss likevel prøve! Kom gjerne med attendemelding på blogginnlegget. Då kan 2012 starta! (ACTION!)

Januar
Eg startar året med å skrive litt om framtidsplanane for blogginga mi. Det er aldri stas å gå til frisøren, og ofte bloggar eg om det. Eg skriv litt om korleis det er å vere trippelminioritet, og korleis det har forma meg som menneske.

Februar

I starten av månaden er det ei underskriftkampanje mot antihomolova i St.Petersburg og eg skriv og om det som skjer med lovgivinga i Uganda.

Eg deklarerte min kjærleik til Sherlock Holmes, etter å ha vorte heilfrelst pga BBC-serien om han.

Den store hendinga i februar er sjølvsagt Oscar-utdelinga.
St.Petersburg vedtok antihomolova, og blei dermed den fjerde regionen i Russland som gjorde dette. Det betyr at dei ikkje kan informere born og unge om det å vere skeiv, og i praksis kan dei feks ikkje avhalde offentlege arrangement for og om lhbt-personar, vifte med regnbogeflagget eller sende filmar om temaet.

Mars

Fyste dag i mars gjekk siste episode av serien om Sherlock Holmes på NRK, det var litt trist. Det var endå tristare den dagen antipropaganda-lova i St.Petersburg vart signert.

April
Håpstango er ein av dei finaste songane eg veit om, og Andrè Bjerke sitt dikt, Du skal være tro gjer meg gåsehud kvar gong eg les det. Tony Stark og Steve Rogers aka Iron Man og Capt. America er to fine fyrar! Dei som kjenner meg litt veit at eg er litt interessert i film, evt. litt meir enn litt. Gleda var difor stor når eg endeleg fekk sette opp min eigen filmfestival i Bergen.

Mai
Året har bore preg av at mindreårige flyktningar har vore trua med å bli sendt ut av landet.Enkelte har diverre også vorte sendt ut. Eg skeiv difor eit lite innlegg som burde vere oppklarande for enkelte. Du kan ikkje returnere nokon til ein stad dei ikkje har vore!

I Ukraina prøver dei å vedta ei antipropaganda lov, men til no har dei ikkje klart å vedta den. Mykje av grunnen er nok vestlig press, og vi skal ikkje slutte å presse og seie i frå!

I år blei Moskva Pride arrangert, og nok ein gong blei det både arrestasjonar og vald då dei prøvde å avhalde Moskva Pride i mai. I det heile tatt har eg nok vore veldig oppteken av Russland i 2012.

Juni
Den norske kyrkja er treig, og feig. Eg vil at alle som vil skal kunne gifte seg i kyrkja, og det skreiv eg om i dette blogginnlegget! Det var landsmøte i LLH i Stavanger, og ein valgte å ikkje endre namnet på organisasjonen denne gongen heller. Søndag den 17. juni kom ei av dei verkeleg store heltinnene i livet mitt til Bergen, nemleg Aung San Suu Kyi. Og eg kunne stadfeste at det VAR vi som var vinnarlaget då eg var i Stavanger på Folkefest for mangold!

Juli
Det fyrste innlegget i juli oppsummerte Skeive dagar i Oslo, fint å sjå attende på. Det var som vanleg fine og skeive dagar.

Eg var oppteken både av teater, filmen Weekend og dei skeive filmane mine. Eg laga også eit forslag til minifilmfestivalar som ein kan ha ved å bruke filmar eg har. Etter å ha hatt ein diskusjon om kva revolusjon var, skeiv eg eit blogginnlegg om det.

Den 22. var det to år sidan terrorhandlingane i Oslo og på Utøya, og eg gjenga diktet til Frode Grytten.

August
Det skjedde ingenting i august!

September
Oslo Pride ga i september sin støtte til Riga som skal arrangere Europride i 2015. Skal DU til Riga?

Oktober
På FN-dagen den 24. oktober oppsummerte eg litt korleis vi ligg an i høve til tusenårsmåla. Kjem vi til å kome i mål med dei?

November
Mats Gilbert var nok ein gong i Gaza, som blei bomba av Israel. Han sendte ei skildring til oss som gjorde sterkt inntrykk på meg.

Desember
I desember markerte vi som vanleg Verdas aidsdag, og eg kom med ti gode målsetningar mot 2015.

2 comments:

IMS said...

Bloggens overskrift lover mye film... syns ikke året reflekterer det. Ellers supert!

IMS said...

jippi kommentaren min gikk gjennom, det er samtidlig et bevis på at jeg ikke er en robot. LItt bekymra for det innimellom. "Please prove you're not a robot" - og jeg klarte det!