Wednesday, November 02, 2011

Fordi han kom og sette spor i støvet
og baud til dans for lamme og for døve,
fordi han sprengte buret som ei løve
og gav oss gneist og auge som skal gløde.
Fordi han vart ein del av vår historie,
fødd i ein stall, i krybba, utan glorie.
Fordi han leikte, lo og let seg feira
og gav oss smak av livet som skal seira.

Ref.
Så difor trur me tida ligg der åpen,
ja, difor tør me kjempa utan våpen
ei vissa gjev oss gleda midt i sorga:
no har det snudd
og snart skal det bli morgon.
Så difor trur med tida ligg der åpen,
ja, difor tør me kjempa utan våpen,
og difor står me støtt når stormen rasar:
Gud er hjå oss.

Fordi han favna fattige og tause
og sette fri det varme og det rause,
fordi han rørte sjukdomar og smitten
var ikkje redd for sjølv å bli kalt skitten.
Fordi han såg dei grådige og griske
som var så sikre på at dei var friske,
fordi han gjennomlyste oss med nåde
og satt til bords med oss så alle såg det.

Fordi han tålde motgangen og skamma
sjølv ikkje hatet fekk hans kjærleik lamma
fordi han aldri bøygde av for sviket
men trass all motstand skjenka oss Guds rike.
Fordi han lokka døden i ei felle
og ga oss meir enn nokon kan fortelle
skal jordas dømde Frelsaren forkynna,
og jubla: Lat det nye liv byrja!

1 comment:

Villblomsten said...

Så mye fint du skriver :-)