Monday, April 04, 2011

Nokon kjem til å komme!

Det er jo ingen her
Og der
er havet
Ingen kjem til å komme
Og sjå kor vakkert havet er

Huset er gammalt
og havet er vakkert
Vi er åleine
Og ingen kjem til og komme
Ingen kjem
Og der nede er havet så vakkert
sjå bølgjene
sjå korleis bølgjene
veltar seg mot alle dei runde steinane
der nede i fjøra
bølgje etter bølgje
og så havet
der ute
Så langt som auga rekker berre havet å sjå
Og så nokre holmar
langt der ute
nokre svarte holmar mot det blåe og kvite havet
Og der
Jo

Ja

Det kjem ikkje nokon

Eg kjenner vel på meg
at nokon kjem til å komme


...gjett om eg gleder meg til å sjå dette fantastiske Jon Fosse-stykket i mai under Festspela, og så på mandarin, då! YEAH!

No comments: