Monday, April 04, 2011

Ein dag på arbeidsstua

Eg sat på kontoret og ante fred og ingen fare, då det plutseleg ringer på døra. Eg går og trykker på knappen slik at folket får komme inn, og inn kjem to eldre damer i litt slitte frakker. Dei er smilande og kanskje litt usikre.

"Hei, vi vil gjerne gi deg denne!" sier den eine og gir meg ei brosjyre om eit møte på Rikets sal. Eg har forstått at det er Jehovas vitne. Eg tek i mot, takkar og blar gjennom den. Eg lurer litt på om dei ringte på her med vilje, eller om det var tilfeldig. Dei spør meg om eg vil omvende meg, eg seier at det treng eg ikkje, eg er alt i rett retning. Men om eg kjenner Jesus? Ja, det gjer eg, og eg føler at vi har eit fint forhold!

"Er dette ei arbeidsstue?" Eit litt rart spørsmål, for ja, sjølvsagt. Det er her vi homofilerte sit og lagar makrameen vår. Så fortel eg litt om LLH og kva vi står for. "Vil de ha ein kopp kaffi?" spør eg, men det vil dei ikkje. Og så går dei. Og eg set meg ved pulten og smiler litt, og lurer på kva som eigentleg skjedde her.

Forresten så er ikkje Jehovas vitne det verste du kan få på døra, dei fleste er hyggelige. Veit ikkje om dei heilt trudde på meg, eller om dei tenkte at no var det ein ledig plass.

No comments: