Saturday, November 13, 2010

Verdas aidsdag (VAD) - 1. desember

For dei fleste av oss er 1. desember fyrst og fremst den fyrste dagen i advent. Dagen vi skal opne fyrste luka i kalenderen. Dagen då vi for alvor startar på juleforberedingane.

I dei seinare åra har det for meg vore noko meir, nemleg Verdas aidsdag. Dette er ein solidaritetsdag der vi viser solidaritet, varme og raushet med hiv-/aidsramma og deira pårørande. Ein dag vi bruker til å spreie informasjon om hiv/aids både for å forhindre nye høgder på smittetala, men også for å redusere fordommane som framleis finns. Kunnskap er ofte nøkkelen til å bygge ned fordommar og skape forståing.

I Bergen startar vi opp med stand, appellar og fakkeltog på Festplassen. Fakkeltoget går til Korskyrkja der vi skal ha ei fin stund med refleksjon, musikk og ljostenning. Etter solidaritetsgudstenesta går vi til Røde kors-huset der det er eit humanitært forum der det vil bli innleiingar frå blant andre Hiv Norge. Både her og på standen kan vi varme oss på gløgg og spise pepperkaker.

Det vil vere arrangement i fleire byar i Noreg, og for meir informasjon om dagen viser eg til www.verdensaidsdag.no .

1 comment:

Unknown said...

Kjære deg.

Eg trudde du visste betre enn å kalle 1.desember for fyrste dag i advent. Det er det jo ikkje ofte at 1.desember er, for å sei det sånn.(no fokuserar eg veldig lite på innhaldet i sjølve innlegget, men eg måtte berre)