Friday, November 05, 2010

Select - tilbake til fortida

I år etter år - tiår etter tiår har Select-katalogen dukka opp i postkassene rundt om i det ganske land. Denne katalogen med alle dei unødvendige tinga som du korkje treng eller vil ha. Likevel overlev katalogen, og det er verkeleg ei gåte for meg. Kva er det som gjer at dei klarer seg? Er det fordi dei bruker dei same modellane (gjerne dei same bildene) no som for 20 år sidan? Kan det vere at mange av oss eigentleg vil ha ein frosk på oppvaskbenken?

Eg trur at dei som lagar katalogen må bu på ein isolert stad, utan tilgang til medier, for mange av ting som kallast "NYHET" var ein nyhet for 15 år sidan eller meir. Denne teorien slår litt sprekker når vi ser merket "Som sett på TV", så eg må finne ein ny teori. Kan det hende at favorittbuksa faktisk kjem til å bli favorittbuksa mi om eg berre prøver? Eg må innrømme at eg tviler.

Kva kan så vere grunnen? Er vi så lettlurte at vi kjøper den førnevnte frosken nå vi får 10,- i rabatt (og samstundes kjøper tre andre ting som er minst like nyttige)?

Har DU nokon gong kjøpt noko frå Select? Eg tilbyr amnesti dersom du vil innrømme det no. Eg er fyrst ut. JA, eg har bestilt frå katalogen. Ein gong. Eg kjøpte ein kjempenyttig raspeting som gjekk i stykker etter at eg hadde brukt den eit par gonger. Kan også innrømme at eg ser på katalogen kvar gong den kjem, men det er mest fordi eg blir ganske så facinert av at den framleis eksisterer.

DIN tur!

1 comment:

Signhild said...

Ja. Eg har tinga opptil fleire ting der, rett nok alltid i mamma sitt namn. Vi nemner i fleng: eit treningsapparat som dei siste 10 åra har budd øverst i matboden, "stift til å fjerne stygge merker på kokeplate" (mamma kan ikkje leve utan - eg tinga ein gong ein slik som ho fekk til jul, og det var visst det beste nokon hadde kome på), ulltøfler og sånn tape til å tette mellom badekaret og veggen. Pluss sikkert noko til. Så lenge ein styrer unna nipsen, finst det ein del som er verd å ha der. Spørsmålet er sjølvsagt om ein ikkje like godt kunne klart seg med å handle dei tinga som er verd å ha ein annan stad..