Tuesday, December 01, 2009

Verdens aidsdag


Så var dagen endeleg her, vi har jobba med den sidan april. Veret er som vanleg strålande. Kaldt, men opphald og vindstille. Då gjeld det berre å kle seg godt og drikke nok varm drikke. Eg voner at så mange som mogleg tek turen til Festplassen og Korskyrkja i dag, og ikkje minst at så mange som mogleg blir med og går i fakkeltoget.

Kvifor er verdas aidsdag så viktig, spør du kanskje? Dagen er viktig fordi vi set fokus på hiv/aids, noko som verkeleg trengs. Ein fryktar at antall hiv-smitta vil auke i åra framover, noko vi må ta på alvor. Men kvifor skjer dette? Mykje fordi folk tenkjer "det skjer ikkje meg!" "Eg har ikkje sex med nokon eg ikkje stolar på!" Det er DITT ansvar å beskytte deg. Det er ikkje slik at det er vanskeleg å få tak i kondom. Du får kjøpt det på alle daglegvarebutikkar, apotek og bensinstasjonar. I dag, på Festplassen, kan du til og med få med deg nokre gratis (eller du kan gå hit og bestille gratis).

Då voner eg å sjå flest mogleg i dag. Programmet for dagen kan du sjå her.

No comments: