Sunday, September 13, 2009

Viktige filmar.

"Burma VJ" --> har premiere den 18. september, og den har eg tenkt å sjå ganske med ein gong den kjem. Dette er ein norsk/dansk dokumentar om eit av verdas mes lukka og undertrykkande regimer der ein handfull menneske risikerer livet litt for å fortelle omverda sanninga om kva som foregår i heimlandet. Utstyrt med kameraer filmar dei demoar, munkeopprør og maktmisbruk og smuglar opptaka ut av landet til den Oslo-baserte tv-stasjonen Democratic Voice of Burma (DVB). DVB sender det så attende til Burma slik at det burmesiske folk får vete at det fins motstand - og håp! Eg voner verkeleg at så mange som mogleg får med seg denne filmen. Den er viktig! For mange livsviktig. Elles vil eg oppmode folk til å gi pengar til Den norske burmakomité. Dei gjer ein svært viktig jobb, og treng DI hjelp!

Filmen "The Age of Stupid" er og ein film alle bør få med seg. Den handlar om klimaendringane og korleis vi kan snu i tide. Dei fleste veit forhåpentlegvis korleis ein kan bidra til å hjelpe kloda vår, men ein god ting kan ikkje gjentas for ofte. Her er difor 10 tips:

1; Arranger bytekveld.
Du hugser sikkert mor sine Tupperwareparties på 90-talet. Kvifor ikkje la seg inspirere av det og invitere venene dine til klesbyteparty-eller bøker, cd-ar eller andre ting du vil byte. Dei fleste har alt for mykje klede, og på den måten får ein "nye" klede utan å belaste miljøet. Det som blir til overs tek du med til næraste Uff-container (eller Fretex).

2; Ta toget.
Ei av dei mest trafikkerte flyrutene i Europa er faktisk Bergen-Oslo! Dette er miljømessig lite smart, siden turen ikkje består av så mykje meir enn enn start og landing. Luftfart medfører utslipp av CO2, NO2, Lystgass, flyktige organiske forbindelser, sot, sulfatpartikler og svoveldioksid. Disse utsleppa bidreg til global oppvarming og lokal forureining. Tar du toget slepp du i tillegg sikkerhetskontroll, reise til og frå flyplassen, du kan sove, du kan arbeide, du kan ta deg eit glass vin og sjå på naturen.

3; Bli ein vinnar- en gjenvinnar
Fliere titalls millonar drikkekartongar er på avveges-lost in garbage!
For vi veit jo kvar det skal. Men likevel tømer vi whitesprit i vasken og batterier i søpla.
Å gjenvinne en aluminiumsboks, sparer 95% av energien som krevst for å produsera ein ny boks. Å gjenvinne ei plastflaske i stedet for å produsere ei ny, sparer nok energi til å halde ei 11 watts sparepære ljosande i 33 timar.

4; Kjøp kortreist mat.
Transport av mat er forbundet med utslepp av fossilt brensel. Jo kortare maten vi et ”reiser” jo mindre forurensing vil den gje i gjennom transport. Men det betyr ikkje alltid at produktet som er produsert i nærleiken er meir miljøvenleg, sjølv om transporten har vort kort. Eit anna aspekt ved å kjøpe lokalprodusert mat er at dette bidreg til å støtte lokale krefter og oppretthalde det norske kulturlandskapet.

5; Drikk vin!
Altså, ikkje at eg oppmodar til fyll, men i stadet for å kjøpe en eletrisk morellsteinplukkar eller andre ting som fyller opp i skuffer og skap så er det betre å bruke pengane på god mat-eller ei flaske vin. Meld deg selv som frivillig til å kjøpe inn vin til vinlotteriet på jobben. Deretter kan du kjøpe inn økologisk eller fair-trade vin. Du finn dei på polet.

6; Ver en ansvarlig turist.
Turisme kan vere bra-det skapar arbeidsplassar og innteker til lokalbefolkninga. Det beste du kan gjere for å redde løver i Afrika er å sørgje for at det er mer lønsamt å vise dem fram til turistar enn å skyte dei. Det er betre å bu på lokale pensjonat eller hotell og drikke lokalt øl enn å bo på svære internasjonale hotell og ete på Burger King. Dersom du bur på hotell; ver bevisst på kva hotell kjeder som er miljøbevisste!

Ikkje alle har like bra tilgang til vatn som vi har i Noreg. Hugs å skru av ljoset og aircondition når du går ut av rommet. På Hawaii og Barbados bruker en turist mellom 6 og 10 ganger mer vatn enn ein fastbuende. Kva med å velgje eit hotell utan svømmebasseng?

7; Bli støttemedlem eller faddar
Det er mange forskjellige humanitære organisasjonar som du kan støtte. Redd Barna, Care, Leger uten grenser, WWF, Plan Norge, Unicef, Utviklingsfondet osv
Gå inn på heimesidene, finn ut kven du vil støtte og dermed bidra til at fleire born får gå på skule, får vaksinar mot farlege sjukdommar eller får ein tryggere veg til skulen-uten miner.

8; Kast kondomar i søpla-ikkje i toalettet.
Det fordrer og at den blir brukt fyrst. Norske ungdommar er verdensmestere i å pusse tennene-og dårlegst når det kjem til å bruka kondom. Ikkje mykje å skryte av kanskje?

9; Et mindre kjøt.
Neida, du må ikkjr bli veggis. Men kjøt er den mest ressurskravende maten du kan ete.
For å produsere ein kilo biff har det gått med energi tilsvarande 7 liter olje. Prøv difor å byte ut ein kjøttmiddag i veka med ein middagsrett basert på belgfrukt, som det gått med 15 ganger mindre energi å produsere. Vi nordmenn et 28 kilo meir kjøt i året enn vi gjorde på 1970-tallet. Liker du ikkje veggismat? Vel, kylling er den kjøtsorten som er minst klimabelastande.

10; Engasjer deg.
Skriv et lesarinnlegg der du krev fleire vindmøller, dobbeltspor på jernbanestrekningen der du bur eller kildesortering i kommuna. Send ein mail til partitet du har tenkt å røyste på og spør kva dei menier om oljeboring i nord. Send ein mail til samferdsledepartementet og spør når vi får lyntog i Norge. Set miljø på dagsordenen!

....

forhåpentlegvis kjem det fleire viktige filmar utover hausten, feks. på BIFF ;D

No comments: